Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Plan- og bygningsrett

Oppdatert 29.12.2022

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og distriktsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Statsforvaltaren er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Statsforvaltaren medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal likevel òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Statsforvaltaren skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Statsforvaltaren prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere meir enn 3 månader.  

Vis meir


Publisert 26.06.2014

Stadfesta løyve til riving av Vikenhuset

Utval for plan og utvikling i Jølster kommune vedtok 26. februar 2014 å gje løyve til riving av Vikenhuset på Skei. Fortidsminneforeninga klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald hjå Fylkesmannen.


Publisert 21.03.2014

Gjer om dispensasjon for mellombels barnehage i Bergen

Fylkesmannen har som setjefylkesmann gjort om Bergen kommune sitt vedtak om dispensasjon for Montana barnehage på Landås i Bergen. Av omsyn til brukarane har vi godkjent at drifta kan halde fram til sommaren 2014.


Publisert 22.10.2013

Områderegulering for Moskog industriområde

Fylkesmannen har stadfesta områdereguleringsplanen for Moskog industriområde i Jølster kommune, med unntak av byggjeområdet K4.


Publisert 15.10.2013

Fylkesmannen har oppheva områdereguleringsplanen for Sogndal omsorgssenter

Planen er oppheva fordi kommunen ikkje kan omdisponere grøntområdet Stitoppen til utbyggingsføremål utan å setje av anna areal til erstatning for det tapte friområdet.


Publisert 12.09.2013

Stiller ikkje branntekniske krav til garasje i Luster

Luster kommune påla ein privatperson særlege tiltak mot brannspreiing, som vilkår for å byggje garasje. Fylkesmannen har teke klaga frå parten til følgje og omgjort vedtaket til kommunen. 


Publisert 26.06.2013

Strengare reglar for bygging i strandsona

Frå 1. juli 2013 vert det forbode å oppføre landbrukstiltak i hundremetersbeltet langs sjøen, med mindre kommunen har fastsett noko anna i kommuneplanen eller reguleringsplanar etter plan- og bygningslova.


Publisert 13.06.2013

Dispensasjon til bruksendring av Sitla hotell

Fylkesmannen gjer om Årdal kommune sitt vedtak og gjev mellombels dispensasjon til bruksendring av Sitla hotell til asylmottak.


Publisert 23.04.2013

Avviser søknad om riving

Fylkesmannen har avvist ein søknad om riving av hytte og uthus i Hornindal. Bakgrunnen for avvisinga er at det ikkje er sannsynleggjort at søkjaren har privatrettsleg heimel til å gjennomføre rivinga av bygningane.


Publisert 15.04.2013

Fylkesmannen stadfestar reguleringsplan for småbåthamn i Kvam herad

Fylkesmannen har som setjefylkesmann handsama klager på ein reguleringsplan for Tangeråsneset i Kvam herad. I reguleringsplanen er det lagt til rette for opparbeiding av småbåthamn, sjøaktivitetssenter, kultursenter og friområde.


Publisert 03.04.2013

Dispensasjonar frå krav om reguleringsplan i Førde

Fylkesmannen har handsama to klagesaker som gjeld dispensasjon frå krav om reguleringsplan i Førde kommune. Fylkesmannen har stadfesta det eine vedtaket. I den andre saka vart avviket frå gjeldande planar for stort, og vi kan ikkje gi dispensasjon.


Kontaktpersonar

Aktuelt

Saksbehandlingstid

Inntill 3 månader

Aktuelt

Vi har telefontid kvar dag
mellom kl. 10.00 og 14.00

Vi har rullerande telefonvakt,
ring sentralbord på 57 64 30 00 
eller send e-post