Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Plan- og bygningsrett

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Statsforvaltaren er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Statsforvaltaren medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Statsforvaltaren skal likevel òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Statsforvaltaren skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Statsforvaltaren prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere meir enn 3 månader.  

Vis meir


Publisert 30.11.2015

Raskare etablering av asylmottak

Nye reglar opnar for raskare etablering av asylmottak med nøktern, men forsvarleg standard. Bakgrunnen for dei nye reglane, er det stadig aukande behovet for plassar i mottak.


Publisert 06.11.2015

Sakshandsaming av asylmottak etter plan- og bygningslova

I følgje FNs flyktningkonvensjon av 1951 og utlendingslova har Noreg plikt til å ta imot og innkvartere asylsøkjarar og flyktningar. Rundskrivet presiserer korleis pliktene som følgjer av internasjonale avtalar og vårt eige lovverk skal vektleggjast i vurderinga av asylmottak etter plan- og bygningslova.


Publisert 21.10.2015

Klagen på Bergen kommunes vedtak om flytebrygge og bølgebryter foran Ludeboden er avgjort

Den 01.04.2014 fikk Norges Miljøvernforbund dispensasjon til etablering av flytebrygge med tilhørende bølgebryter og forlengelse av gangareal foran Ludeboden fram til kai foran Skuten i Skuteviken, Bergen. Skuten sameie påklaget avgjørelsen, og har nå fått medhold.


Publisert 17.07.2015

Motsegn til bru mellom Anda og Lote er send til departementet for avgjerd

Fylkesmannen har mekla mellom partane etter motsegn frå Statens vegvesen til Eid kommune sine planar om bru over Nordfjord. Meklinga førte ikkje fram, og saka er send vidare med tilråding om å ikkje ta motsegna til følgje.


Publisert 30.06.2015

Bygg meir utan å søke frå 1. juli

Den som bygger har sjølv ansvar for å sjekke at tiltaket ikkje kjem i strid med plan- og bygningslova, gjeldande planar eller anna regelverk. Det skal også bli enklare å nabovarsle, medan moglegheitene for å klage blir noko innskrenka. Forvaltninga får fleire saksbehandlingsfristar.


Publisert 01.04.2015

Presentasjonar om nytt regelverk

Fylkesmannen har hatt presentasjon for forum for byggesak i Indre Sogn om endringar i plan- og bygningslova med forskrifter, i tillegg til utvalde fagtema. Presentasjonane finn du her.


Publisert 16.12.2014

Fylkesmannen har stadfesta områdereguleringsplanen for Florelandet Nord

Fylkesmannen kom til at det var nokre manglar ved planprosessen. Ettersom manglane ikkje kunne tenkjast å ha verka inn på planvedtaket, vart dette likevel ståande.  


Publisert 08.10.2014

Regjeringa foreslår 25 millionar kroner til digitalisering av bygg- og planprosessar

Regjeringa vil forenkle og effektivisere plan- og byggeprosessane for å legge betre til rette for bustadbygging, nærings- og samfunnsutvikling. I framlegg til statsbudsjettet for 2015 foreslår Regjeringa 25 millionar kroner til digitalisering av sektoren.


Publisert 04.09.2014

Vik kommune får samtykke til å oreigne

Olje- og energidepartementet har stadfesta vedtaket til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om samtykke til oreigning for å oppføre prosjektert dam for Vangsnes vassverk. Vedtaket frå departementet er endeleg.


Publisert 07.07.2014

Fylkesmannen har stadfesta områdereguleringsplanen for Sogndal omsorgssenter

Kommunen har i den nye planen skaffa fullverdig erstatning for omdisponeringa av friområdet Stitoppen, jf. dei rikspolitiske retningslinjene for å styrkje born og unges interesser i planlegginga punkt 5d.


Kontaktpersonar

Aktuelt

Saksbehandlingstid

Inntill 3 månader

Aktuelt

Vi har telefontid kvar dag
mellom kl. 10.00 og 14.00

Vi har rullerande telefonvakt,
ring sentralbord på 57 64 30 00 
eller send e-post