Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.
I framlegg til revidert kommuneplan ønskjer Selje kommune å nytte massane frå Stad skipstunnel til å etablere fleire store næringsareal på fyllingar i sjøen. Fylkesmannen meiner at konsekvensutgreiinga av desse omfattande fyllingsareala er mangelfull.
21.09.2016
Førde kommune gav den 17.09.2015 dispensasjon for oppføring av eit rekkehus med fire bueiingar. Tiltaket utløyste krav om detaljreguleringsplan, og utbyggjaren har fått fritak frå dette kravet.
15.07.2016
I rundskrivet går det fram kva for interesser innafor miljøområdet som er av nasjonal eller vesentleg regional verdi. Det er gitt føringar for korleis styresmakter med motsegnsrett skal vurdere om det er grunnlag for å fremje motsegn eller ikkje.
14.06.2016
Fylkesmannen rår sterkt frå å leggje ut brakkvassdeltaet Vikaleirane, ved utløpet av Stryneelva, til byggjeområde for næring.
03.05.2016
Fylkesmannen er i ei fråsegn til regional planstrategi 2016-2020 for Sogn og Fjordane oppteken av at planstrategien må drøfte konsekvensane av kommune- og regionreformene og reformene som gjeld statlege etatar.
02.05.2016
Fylkesmannen inviterte kommunepolitikarar innan landbruks-, areal- og miljøsaker til regionale fagdagar i april. Her finn de plansjane frå kurset.
08.04.2016
Fylkesmannen har 30.03.2016 sendt ut fleire brev og vedtak som gjeld tiltak rundt cruisekaia i Flåm. Her finn du ei kort oversikt over sakene og lenkjer til dokumenta.
04.04.2016
Klima- og miljødepartementet har fornya rettleiaren til kapittel II i naturmangfaldlova. Den nye rettleiaren skal gjere det lettare å bruke lova.
01.04.2016
Fylkesmannen vil framheve arealdelen til kommuneplanen som eit viktig verkty der kommunane kan leggje til rette for ei berekraftig arealforvaltning, og ei raskare og meir målretta utbygging og næringsutvikling.
10.03.2016
Dispensasjonssøknader utgjer kvart år heile 50 prosent av sakene vi får på høyring etter plan- og bygningslova. Vi meiner dei mange dispensasjonane er uheldige for allmenne interesser som naturmiljø, friluftsliv og landskap.
01.03.2016