Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Inviterer til regional plansamling

Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer til regional plansamling 2018. Det skjer på Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, 6. og 7. november.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.10.2018

Regionreforma, bustadsosialt arbeid, klimaomstilling, planlegging for eit tryggare samfunn, jordskifte og tettstadutvikling er tema som er sett opp på årets program. Det vert òg ein bolk med juridiske tema av ulike slag. Samlinga går føre seg både i plenum og i to parallellsesjonar kvar dag.

Programmet er utarbeidd særskilt med tanke på kommunale planleggjarar, men også statlege og fylkeskommunale fagetatar, konsulentselskap som driv med planlegging eller frivillige organisasjonar som uttalar seg til planar er hjarteleg velkomne til å delta.

Påmeldingsfristen er 22. oktober. 

Kontaktpersonar