Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Omstridd fotballhall i Florø

Fylkesmannen meiner at ein storhall ved Litjevatnet i Florø vil gi store negative konsekvensar for det bynære friluftslivet og landskapet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2018

I forslag til ny sentrumsplan har Flora kommune sett av plass til ein fullskala fotballhall ved Litjevatnet. Etableringa inneber store skjeringar og/eller utfyllingar i Litjevatnet, i tillegg til at storhallen vil bli dominerande i landskapet. Friluftsområdet kring Storåsen og Litjeåsen ligg rett ved bysentrumet, og er svært mykje nytta. Området har også potensiale til å bli endå meir brukt med tilrettelegging og opparbeiding for friluftsliv.

Fylkesmannen meiner at etablering av ein storhall i området gjev store øydeleggingar i landskapet og reduserer verdien av det sentrumsnære friluftsområdet. Bynære natur- og friluftsområde er viktige rekreasjonsområde for mange, men er ofte utsette for eit sterkt utbyggingspress. Vi ser det som særleg viktig å ta vare på slike område, og har derfor fremja motsegn mot å plassere storhallen ved Litjevatnet.

Fylkesmannen ser at det finst andre plasseringar av hallen med langt mindre negative konsekvensar for mellom anna friluftsliv og landskap, og håpar derfor at vi gjennom god dialog med kommunen kan komme til semje kring plasseringa av ein slik hall.