Planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjeringa og Stortinget fastset dei nasjonale måla, og kommunar og fylkeskommunen har ansvaret for planlegginga på kommune- og fylkesnivå.
Etter plan- og bygningslova skal kommunane samordne den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga på sine område gjennom samanhengande kommuneplanlegging. Fylkeskommunen skal gjennom si planlegging samordne verksemda til staten, fylkeskommunen og kommunen i fylket.
Statsforvaltaren har to sentrale oppgåver i arealforvaltninga:
- Som fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal vi sørgje for at nasjonale interesser blir sikra.
- Statsforvaltaren skal sikre at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.
Rettleiing innanfor planleggingsområdet
Under arealforvaltning i venstremenyen er det samla informasjon og rettleiing innafor planleggingsområdet. Målgruppa er først og fremst kommunane.
Revisjon av samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen
Fleire kommunar i Sogn og Fjordane har revidert og vedteke ny samfunnsdel og/eller arealdel til kommuneplanen, mens andre er i gang med dette viktige revisjonarbeidet av dei overordna planane sine.
Sjå kart over fylket som viser kor tid arealdelen til kommuneplanen sist vart revidert i dei ulike kommunane, og kven som er i gang med revisjon av planen.