Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesmann Hamre går ut i permisjon

Frå 13. august byrja fylkesmann Anne Karin Hamre på Forsvarets høgskule, og ho har difor permisjon frå Fylkesmannen. Etter avslutta permisjon vil ho 12. november ta til som ekspedisjonssjef i regionalpolitisk avdeling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.08.2018

Kommunal- og regionaldepartementet har bede Gunnar O. Hæreid om å fungere som fylkesmann fram til samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland frå 2019 av, medan Christian Rekkedal vil fungere som assisterande fylkesmann.