Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Hafslovatnet fuglefredingsområde

Fuglefredingsområdet femnar om Tverrbergvatnet, Straumavatnet og inste delen av sjølve Hafslovatnet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.11.2016

Dette er ein del av det brevasspåverka Årøyvassdraget. Kombinasjon av breslam og avrenning frå jordbruk gjer vatnet relativt næringsrikt, og det er breie vegetasjonsbelter langs strekningar langs land. Kraftutbygging har truleg bidrege til det same, gjennom mindre sommarvassføring og at vassvegetasjonen har vorte mindre utsett for iserosjon om vinteren.

Fuglefredingsområdet har ein allsidig funksjon som både hekke-, trekk-, og overvintringslokalitet. I heile Hafslovatnet (som er større enn fuglefredingsområdet) er det registrert nærare 60 våtmarksfugl-artar. Dei mest talrike er stokkand, krikkand og siland, men også trane, rørdrum, skogsnipe, dobbeltbekkasin og svarthalespove er observerte. I nyare tid er vintererle observert, og denne småfuglen tilknytt rennande vatn ser ut til å vere på frammarsj i fylket. Songsvane er ein karakterart vinterstid.

Fuglelivet i Hafslovatnet er noko truga av uroing som følgje av menneskeleg nærvær, etter som vatnet og nærområda er viktige friluftsområde, m.a. i samband med sportsfiske. Nærleiken til veg, busetnad og dyrka mark inneber også ein stadig fare for ureining. Kraftlina over vatnet har mang ein gong ført til kollisjonsdrepne songsvaner, og burde miljøfagleg sett ha vore lagd i kabel.

Sportsfiskarane har frå tid til anna teke til orde for tiltak mot den omfattande vassvegetasjonen, som er til ulempe for fisket. Vassvegetasjonen er derimot viktig for produksjon av planteføde og næringsdyr for dei ulike fugleartane, sjå rapport. Så lenge heller ikkje fiskesamfunnet syner teikn på rekrutteringssvikt (dersom gyteplassar gror til med vegetasjon) eller andre problem, har difor ikkje forvaltingsstyresmakta opna for tiltak mot vassvegetasjonen.

Forvaltingsstyresmakt er i dag Luster kommune, og det har i mange år vore eigen oppsynsmann for dette fuglefredingsområdet, som samarbeid mellom grunneigarlaget (fiskeoppsyn) og forvaltingsstyresmakta.