Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Mørkridsdalen landskapsvernområde

Området  (34,7 km2) vart oppretta 7. august 2009 samstundes med Breheimen nasjonalpark. Landskapsvernområdet grensar til nasjonalparken, og er ein viktig innfallsport til denne.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

I Mørkridsdalen er det mange godt vedlikehaldne stølar, og framleis går det beitedyr i det gamle kulturlandskapet. Det gjeld stølar både nede i dalføret i Mørkridsdalen, og dei stølane like over skoggrensa ved Åsetevatnet og i Fortunsdalen. Det særprega Mørkridsvassdraget med fleire fossar gjev liv til eit særleg artsrikt og mangfaldig planteliv. Drivandefossen som renn frå Åsetevatnet er den høgaste fossen i Breheimen – Mørkridsdalen, og er eit imponerande syn.

Mørkridsdalen er ein U-dal skapt av innlandsisen under istida. Her er mange markerte morenar og andre avsetningar frå då breane trekte seg tilbake.

For å bli betre kjend med Mørkridsdalen kan du sjå rapporten ”Stølane i Mørkridsdalen – Far etter folk”.