Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Informasjon om biologisk mangfald

Biologisk mangfald omfattar både naturtypar og artar. I Sogn og Fjordane som i andre fylke ligg det meste av verna areal på fjellet, mens det biologiske mangfaldet er størst i låglandet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2013

Kommunane og andre samfunnsaktørar har derfor ei sentral rolle når det gjeld å ta vare på artar og naturtypar. For å gjere dette mogleg må vi ha kunnskap om det biologiske mangfaldet og kvar dei viktigaste førekomstane er å finne. I Sogn og Fjordanen har det blitt lagt mest vekt på arbeidet med kartlegging av prioriterte naturtypar etter DN-handbok 13, medan arbeid med kartlegging av viltområde og artar elles har skjedd på eigne initiativ i kommunane (etter DN-handbok 11) eller av privatpersonar på frivillig basis (innlegging i Artsobservasjoner.no)

Fjørekoll på Storeplitten i Solund. Foto Tore Larsen

Kartlegging av biologisk mangfald etter DN-handbøkene

  • Kartlegging av prioriterte naturtypar: Alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane kartla i perioden 1999-2005 prioriterte naturtypar på land. Fylkesmannen fekk etter dette ansvaret for å halde kartleggingane oppdaterte, og ein ny runde naturtypekartlegging blei sett i gang i 2007. Så langt er 13 kommunar kartlagt på ny, men berre resultat frå seks av dei er så langt tilgjengeleg i Naturbasen. Status for alle kommunar finn du her:
    Status for kartlegging av prioriterte naturtypar i Sogn og Fjordane
  • Utvalde naturtypar: Av dei 56 prioriterte naturtypane som er definerte i DN-handbok 13, har fem fått status som utvalde med bakgrunn i §52-56 i naturmangfaldlova. Dette gjeld m.a. naturtypar som er i spesielt sterk tilbakegang. Det er laga eigne handlingsplanar for desse. I Sogn og Fjordane finst fire av dei seks utvalde naturtypane: Kystlynghei, slåttemark, slåttemyr og hole eiketre.
  • Prioriterte artar: Dette er ei tilsvarande ordning som for utvalde naturtypar, men gjeld for artar og er heimla i naturmangfaldlova §23-27. Av dei åtte artane som har fått status som prioriterte så langt, finst ingen i Sogn og Fjordane.
  • Viltkartlegging: Viltkartlegging etter metodikken i DN-handbok 11 er gjennomført i desse kommunane: Gulen 2005 (rapport, 2006), Stryn 2009, Flora 2011 og Gloppen 2011. Det blei dessutan gjennomført viltkartlegging i Vågsøy rundt 2000. Ingen av desse kartleggingane er lagt inn i Naturbasen (pga. liten kapasitet til slikt arbeid hos Fylkesmannen, har naturtypar blitt prioriterte).
    Leveområde for villrein i Sogn og Fjordane blei kartlagt i 2003, og kart er tilgjengelege i Naturbasen.
  • Kartlegging av marine naturtypar: Denne blir gjennomført fylkesvis på nasjonalt nivå. Arbeidet blir administrert av Miljødirektoratet, med Havforskingsinstituttet og Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som ansvarlege for kartleggingsarbeidet. Kartlegging i Sogn og Fjordane blei starta opp i 2013 med fokus på ålegrasenger, og har halde fram med andre naturtypar i 2014 og 2015. Resultat frå kartlegginsarbeidet blir lagt inn i Naturbasen etter kvart som dei ligg føre.

Naturbasen

  • Naturbase inneheld alle typer data som er samla inn etter dei ulike DN-handbøkene, i tillegg til raudlista artar frå Artskart, verneplan for vassdrag, friluftsområde, inngrepsfri naturområde (INON), kulturminne og data frå Miljøverdiar i skog (MiS).
    Rettleiing i bruk av Naturbasen frå Miljødirektoratet
    Rettleiing i bruk av Naturbasen frå Miljøkommune.no
    Nedlasting av kartdata frå Naturbasen (til SOSI-fil eller ESRI geodatabase)

Artsobservasjonar og Artskart

  • Artsobservasjoner er ein nettportal for innlegging av artsfunn som er open for alle. Brukarterskelen kan opplevast som høg ved første forsøk.
    Rettleiing i bruk av Artsobservasjoner.no.
  • Artskart er ei kartbasert innsynsløysing som blir administrert av Artsdatabanken. Artskart viser funn både frå Artsobservasjoner og frå museumssamlingar og ei rekke institusjonar, foreiningar og konsulentselskap. Til saman over 16 millionar artsregistreringar, av både raudlista, svartelista og andre artar.
    Rettleiing i bruk av Artskart, laga av Artsdatabanken.

Framande skadelege artar og Svartelista

Rapportar frå andre kartleggingsprosjekt

  • Hekkande sjøfuglar har blitt talte opp i Sogn og Fjordane frå slutten av 1970-talet. Dei første teljingane skulle danne grunnlaget for verneplanen for sjøfugl som kom i 1993, seinare teljingar har hatt som mål å følgje utviklinga i hekkebestandane

Kulturlandskap

  • På 80- og 90-talet blei det gjort ei omfattande kartlegging av kulturlandskap og kulturmarkstypar i kommunane. Mange av dei lokalitetane som da blei kartlagte, er framleis viktige døme på tidlegare tiders bruk av kulturlandskapet, og har ein heilt spesiell, skjøtsels- eller beiteavhengig flora med tilhøyrande dyreliv. Mange av dei "utvalde naturtypane" etter Naturmangfaldlova er kulturbetinga førekomstar som skriv seg frå denne kartlegginga. Kommunevise rapportar finn du opplista her.
  • Høgskulen i Sogn og Fjordane gjorde ei ny kartlegging av kulturlandskap med verdi for biologisk mangfald i 2006-07. Kommunane i fylket blei fordelte på tre rapportar, og dei mest verdfulle lokalitetane i denne rapportserien blei samla i ein eigen rapport. Du finn alle fire rapportane her.