Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Verdsarvområda

Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCO si World Heritage List eller verdsarvlista i 2005. Vestnorsk fjordlandskap (VF) omfattar dei to delområda Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2014

Landbruksdirektoratet og Miljøverndepartementet har sidan 2008 løyvd midlar til verdsarvområda. Midlane skal nyttast i samsvar med Tiltaksplan for kulturlandskapet i verdsarvområde Vestnorsk Fjordlandskap og Vegaøyan. Bakgrunnen er at landbruk og kulturlandskap utgjer ein viktig del av verdsarvverdiane i desse områda. Føremålet med midlane er å styrke og utvikle jordbruket i desse verdsarvområda slik at kulturlandskapsverdiane blir teke vare på for framtida.

Vestnorsk Fjordlandskap - Nærøyfjorden får årlege tildelingar frå Landbrukets Utvilklingsfond (LUF) som vert avklara i jordbruksoppgjeret, og kr 1 000 000 frå Miljøverndepartementet. Midlane vert forvalta av fylkesmannen med heimel i forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Det vert løyvt areal- og/eller beitetilskot, og kan i tillegg søkjast om andre tiltak som styrkar landbruket i verdsarvområda. I 2018 er det til saman sett av 3 100 000 kroner til VF – Nærøyfjorden.

Kart over Nærøyfjorden verdsarvområde.

Søknadsskjema og retningslinjer for bruken av midlane ligg i lenkene i høgre margen.