Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Lærdal er nytt utvalt kulturlandskap i jordbruket

Statsrådane Ola Elvestuen og Jon Georg Dale presenterte ni nye område som blir med på den eksklusive lista Utvalde kulturlandskap i jordbruket. Blant desse ni finn vi Lærdal, avgrensa til dalbotnen med jordbruksdrift i området mellom Hauge og Borlaug.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.07.2018

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet. Dette er eit samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillige avtalar mellom staten og grunneigarane, der skjøtsel av biologiske og kulturhistoriske verdiar vert støtta økonomisk gjennom ei eiga tilskotsordning.

Av 41 utvalde område i heile landet er no fire område i Sogn og Fjordane med i satsinga. Dette er Grinde-Engjasete i Leikanger kommune, Hoddevik-Liset i Selje kommune, Ormelid i Luster kommune og Lærdal. Fylkesmannen er tillagt rolla som koordinator og tilskotsforvaltar på vegne av staten. I tillegg har kommunane ei sentral rolle i ordninga.

Arbeidet med informasjon til grunneigarar og planlegging av tiltak vert sett i gang allereie sommaren 2018.