Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Utvalde kulturlandskap

Satsinga Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ivareta kulturlandskapet. Dette er et samarbeid og spleiselag mellom landbruks- og miljøstyresmaktene. Satsinga er basert på frivillige avtaler mellom staten og grunneigarane. Av 41 utvalde område i heile landet er no fire område i Sogn og Fjordane med i satsinga. Dette er Grinde-Engjasete i Leikanger kommune, Hoddevik-Liset i Selje kommune, Ormelid gard i Luster kommune og Lærdalsdalføret i Lærdal kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.07.2018

Ansvar og roller

På fylkesnivået er Fylkesmannen tillagt rolla som koordinator og tilskotsforvaltar på vegne av staten. I tillegg har kommunane ei sentral rolle i ordninga. Det er mellom anna ønskjeleg at kommunane tek omsyn til kulturlandskapsverdiane i områda i kommuneplanens arealdel. Forvaltinga er vidare basert på forskrift om tilskudd til verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap.

Midlar til tiltak

Midlane i ordninga vert innvilga dels gjennom Landbrukets utviklingsfond – LUF, og over Miljødirektoratet sitt budsjett. LUF-midlane vert avklara i jordbruksoppgjeret. Forvaltninga av midlane er heimla i forskrifta.

Midlane går dels til tiltak i dei 41 områda, dels til sentrale tiltak. Søknadsskjema og retningslinjer for bruken av midlane ligg i lenkene i høgre margen.

Forvaltnings- og skjødselsplanar (pdf-dokument) 

Forvaltningsplan for Grinde-Engjasete av 23-03-2010
Skjøtselsplan for Grinde-Engjasete  av 17-12-2009
Skjøtselsplan for lauvenga på Grinde  av 29-03-2011
Forvaltningsplan for Hoddevik-Liset av 01-04-2011
Skjøtselsplan for Hoddevik av 09-04-2010
Skjøtselsplan for Årdal av 30-11-2009  
Skjøtselsplan for slåttemark på Reitane av 29-03-2011
Skjøtselsplan for slåttemark i Årdal  av 03-04-2011
Skjødselplan for Ytre Drage, indre og ytre Fure av 13.03.2015
Forvaltningsplan for Midtre Lærdal av 1.11.17
Skjøtselsplan for Liset - august 2018
Skjøtselplan for Øvre Ormlid - november 2018


Publisert 09.08.2017

Utvalde kulturlandskap - rapportar

Her finn de årsrapportar og andre rapportar frå dei utvalde kulturlandskapsområda i Sogn og Fjordane.