Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Fordeling av SMIL- og dreneringsmidlar

Fylkesmannen har fordelt 6 075 000 kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og 1 790 000 kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2017

SMIL

Av ei samla løyving på 95 millionar kroner over jordbruksavtalen til SMIL-ordninga i 2017, har Sogn og Fjordane fått tildelt 5,7 millionar kroner. I tillegg kjem overførte midlar frå i fjor. Fylkesmannen fordeler midlane til kommunane ut frå landbruksareal i drift og ei vurdering av behov og bruk av midlane i kommunane.

Kommunane kan innvilge SMIL-tilskot til gjennomføring av tiltak som:

  • omfattar planlegging og tilrettelegging for heilskapelege miljøprosjekt i jordbruket
  • varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • medverkar til å hindre eller redusere ureining frå jordbruket

Frå 1. januar 2017 er forskrifta endra slik at det kan løyvast tilskot til føretak der det går føre seg ein produksjon på landbrukseigedomen som kvalifiserer til produksjonstilskot.
Kommunane har lokale søknadsfristar og prioriterer søknader etter lokale retningsliner og eigne tiltaksstrategiar.

Drenering

Nasjonalt er det sett av 58 mill. kroner til tilskot til drenering, der Sogn og Fjordane vart tildelt 0,5 mill. Ubrukte midlar frå 2016 vert lagt til denne summen og fordelt på kommunane. I fordelinga har vi lagt vekt på søknadsomfanget til dreneringsordninga i kvar kommune i 2016, og statistisk fordeling av fulldyrka areal på ulike vekstgrupper.