Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Endra reglar for tilskot til slått av bratt areal

Faglaga i landbruket og fylkesmannen er samde om å utvida ordninga med tilskot til slått av bratt areal. Tidlegare avgrensing på minst 20% bratt areal av slåttearealet er no tatt vekk, men det er krav om at arealet skal haustast og at graset skal nyttast som fôr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2018

Sogn og Fjordane betalte ut kring 12 millionar kroner til skjøtsel av bratt areal gjennom Regionalt miljøprogram i 2017. I årets jordbruksoppgjer fekk fylket tildelt 6 millionar kroner ekstra til dette tiltaket som eit driftsvansketilskot. I samråd med faglaga i landbruket endrar vi difor regelverket for søknadsomgangen 2018 for tilskot til skjøtsel av bratt areal.

Historikk og overgang til nytt regelverk

Til no har det vore eit krav om at minst 20% av den fulldyrka og overflatedyrka jorda eit føretak disponerer må ha ei helling på 1:5 eller brattare for at føretaket skal kunna søka om tilskot til skjøtsel av bratt areal. Frå søknadsomgangen 2018 fell dette minimumskravet vekk, og alle føretak som disponerer fulldyrka og overflatedyrka jord med ei helling på 1:5 eller brattare kan søke på alt bratt areal som dei slår og haustar som fôr. Til no har beitepussa areal blitt godkjent innan tiltaket, men for søknadsomgangen 2018 er det sett krav om at arealet skal slåast og haustast som fôr. Tidlegare har det og vore ei grense på 40 000 kroner i tilskot per føretak innan dette tiltaket, men denne grensa vert no fjerna.

Nytt regelverk

For søknadsomgangen 2018 vil fylgjande regelverk gjelda for tilskot til skjøtsel av bratt areal gjennom Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane:

Tilskot kan gjevast til føretak som disponerer fulldyrka og overflatedyrka jord som har ei helling på 1:5 eller brattare. Det vert gjeve eitt tilskot for areal med helling mellom 1:5 og 1:3, og eit høgare tilskot for areal med helling 1:3 eller brattare. Det er ikkje noko øvre avgrensing på utbetaling eller tal dekar per føretak innan tiltaket. Føremålet er å skjøtta bratt areal som er eit særpreg for kulturlandskapet i fylket, og å gje eit driftsvansketilskot for hausting av fôr i arbeidsintensivt terreng. Tiltaket gjeld også fulldyrka og overflatedyrka areal som vert brukt til hagebruk, men der er ikkje krav om hausting av fôr. Arealet som vert skjøtta skal i si heilheit markerast på kart i søknaden.

Vilkår:

Arealet må slåast og haustast som fôr minst ein gong kvart år. Areal som berre vert beita eller beitepussa kan ikkje godkjennast. Krav til hausting av fôr gjeld ikkje for hagebruksareal.

Førebelse satsar:

Areal med helling 1:5 til 1:3 – kr 252 per daa
Areal med helling 1:3 eller brattare – kr 378 per daa

Fylkesmannen gjer merksam på at alle tilskotssatsane i Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane er førebelse. Endelege satsar vert sett på grunnlag av den endelege søknadsmengda.

Det vart i Jordbruksforhandlingane 2018 bestemt at endringane for tilskot til bratt areal skulle gjelda allereie frå søknadsomgangen 2018, difor kom endringane i regelverket veldig nær til førsteslåtten.

Søknadsfrist: 15.oktober 2018