Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Dobla tilskot til stølsdrift

Fylkesmannen har prioritert auka tilskot til stølsdrift og skjøtsel av bratt areal ved fordeling av restmidlane for Regionalt miljøprogram 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2018

Regionalt miljøprogram (RMP) for Sogn og Fjordane inneheld tilskotsordningar som skal utvikla og ta vare på det opne og særmerkte kulturlandskapet i fylket. Tilskot til slått av bratt areal er den største og viktigaste ordninga i programmet. Stølstilskotet er ei handsrekking til dei som tek meirarbeidet og meirkostnaden med å ha mjølkeproduksjon på stølen om sommaren.

I 2017 søkte 46 prosent av dei som søkjer om produksjonstilskot (PT) om tilskot frå RMP, noko som er ein nedgang med 122 søkjarar i høve til 2016. Denne nedgangen, samt at ramma var auka med kr 700 000 frå 2016 til 2017, gjorde at vi sat att med 2,9 mill kr i restmidlar til fordeling etter dei førebelse satsane. Bakgrunnen for den store nedgangen i tal søknader er ukjent, men vi ser ein særskild nedgang i søknad om tilskot til skjøtsel av bratt areal på 2742 daa frå 2016 til 2017, og ein nedgang på søknad om tilskot til skjøtsel av 20 866 meter steingard/bakkemur frå 2016 til 2017.

Restmidlane for søknadsomgangen 2017 har Fylkesmannen vedteke skal brukast til å dobla tilskot til stølsdrift (samla auke på om lag 1,5 mill kr), og auka tilskot til skjøtsel av bratt areal (samla auke på om lag 1,4 mill kr). Stølstilskotet har vore som ei påskjønning til dei som tek meirarbeidet og meirkostnaden med å ha stølsdrift. Kulturlandskapet kring ein støl i aktiv drift vil vera ope og tydeleg skjøtta av beitedyra. Gjennom seterdrift vidarefører ein gamal tradisjon med mjølkeproduksjon på stølen, stølsmiljøet har i seg sjølv ein kulturverdi og er ein kulturformidlar for landbruket. Meirarbeidet og meirkostnaden med stølsdrift gjer at nokre bønder noko motvillig vel vekk stølsdrifta, og talet stølar i Sogn og Fjordane har diverre gått noko nedover dei siste åra. Dette er ei ikkje ønska utvikling som vi må ta på alvor. Fylkesmannen skreiv difor i si evaluering av RMP i 2017: «Stølstilskotet bør difor aukast monaleg/minst doblast for å auke måloppnåinga slik at det vert meir ei delbetaling for meirarbeidet og meirkostnaden som vert lagt ned med stølsdrift enn ei påskjønning. Fyrst då vil tiltaket kunne stimulere aktivt til vidare og eventuelt auka stølsdrift. Det samsvarar og med målsetninga for Regionalt miljøprogram; det skal vere ei betaling for miljøgode som landbruket produserer for storsamfunnet».

Med over halvparten av tilskotsmidlane i RMP er skjøtsel av bratt areal er den desidert største og viktigaste tilskotsordninga i Sogn og Fjordane sitt RMP, både med tanke på økonomi for bonden og stell av kulturlandskapet. Tiltaket gjev ope og stelt kulturlandskap og matproduksjon også på bratte teigar, og det stimulerer til levande bygder med aktiv gardsdrift. Trass i tung satsing på tilskot til skjøtsel av bratt areal over tid, syner nedgangen i søknadstala over at gjerne både rammer og tilskot framleis bør bli betre.

Tilskota i RMP søknadsomgangen 2017 vert utbetalte frå Landbruksdirektoratet til bøndene 14.mars 2018. Forutan tilskot til stølsdrift og skjøtsel av bratt areal er dei endelege tilskotssatane like dei førebelse satsane.

Endelege tilskotssatsar