Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Miljøtiltak

Oppdatert 02.01.2023

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


Publisert 23.04.2014

Markdag på Sivle gard

Onsdag 9. april var det markdag hjå Randi Engelsen Eide på Sivle gard på Stalheim. Tema for dagen var; Tilrettelegging for ferdsel og turisme - utfordringar og moglegheiter.


Publisert 18.03.2014

Kurs i praktisk drenering i 2014

Også i år held Norsk Landbruksrådgiving kurs for bønder og andre som skal drenere jordbruksjord.


Publisert 07.03.2014

Tilrår vidareføring av Utvalde kulturlandskap i jordbruket

Statens landbruksforvaltning, Riksantikvaren og Miljødirektoratet tilrår at ordninga vidareførast og utvidast til fleire område.


Publisert 04.03.2014

Utbetaling av tilskot til regionalt miljøprogram

Tilskotet vert utbetalt til søkjar onsdag 5. mars av Statens Landbruksforvaltning. Dei som søkte elektronisk får tilskotsbrevet i Altinn. Dei som søkte på papir får tilskotsbrevet i posten. Klagefristen er 3 veker.


Publisert 03.02.2014

Søk tilskot til drenering av jordbruksjord

Fylkesmannen har gjeve kommunane ei tilskotsramme på 2,15 millionar kroner for 2015. Kommunane fastset lokal søknadsfrist.


Publisert 28.01.2014

SMIL-tilskot - spesielle miljøtiltak i jordbruket

Fylkesmannen har fordelt 8,6 millionar kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket.


Publisert 17.01.2014

SMIL-tiltak 2013

Kommunane fordelte til saman 10,5 millionar kroner på rundt 350 søkjarar i 2013.


Publisert 07.11.2013

Reinare vatn i område med landbruk og spreidde avløp

Korleis kan kommunane ta tak i utfordringane med for høge næringstilførslar frå landbruk og separate avløpsanlegg? Dette er eit hovudtema på seminaret på Skei hotell 28.-29. november.


Publisert 08.10.2013

Kommunale midlar til dreneringstilskot og kurs i praktisk drenering av jordbruksjord

Kommunane i Sogn og Fjordane har motteke til saman rundt 140 søknader om tilskot til drenering. No kan søkjarane, entreprenørar og andre melde seg på dreneringskurs i regi av Norsk Landbruksrådgiving.


Publisert 01.08.2013

Klimatiltak

Landbruket har eit stort potensiale til å bidra med løysingar på klimautfordringane. I St.meld. nr. 39 (2008-2009) Klimautfordringene – landbruket en del av løsningen vert det fokusert på ulike klimatiltak som kan gjennomførast i landbrukssektoren.