Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Miljøtiltak

Oppdatert 02.01.2023

Miljøverkemidlane i jordbruket skal bidra mest mogleg miljøvenleg matproduksjon. Bønder som oppfyller visse miljøkrav, får rett til fullt produksjonstilskot. Dei kan også søkje om tilskot frå regionalt miljøprogram og ordningane for spesielle miljøtiltak i jordbruket og drenering av jordbruksjord.

Statsforvaltaren har ansvar for å utarbeide og gjennomføre eit regionalt miljøprogram for landbruket (RMP) basert på det nasjonale miljøprogrammet. Miljøprogramma skal medverke til å gjere miljøarbeidet i landbruket meir målretta og å synleggjere den samla miljøinnsatsen i landbruket. Regionalt miljøprogram skal rettast inn mot enkelte regionale utfordringar.

Kulturlandskapet er ein viktig del av kulturarven

Det er ei viktig oppgåve i norsk landbruk å ta vare på kulturlandskapet i jordbruket, som utgjer ein viktig del av kulturarven vår. I moderne tid har kulturlandskapet endra seg svært mykje på grunn av nye driftsformer og omdisponering av jordbruksareal. Ei rekkje plantar, insekt og andre organismar som har gamal kulturmark som levestad, er i ferd med å bli sjeldne eller borte for alltid. Gamle ferdselsårer, kulturminne, eldre tekniske anlegg og bevaringsverdige bygningar gror igjen og forfell. Gamle husdyrrasar og tradisjonelle plantesortar utgjer viktige genressursar som no står i fare for å forsvinne.

For å ta vare på miljøverdiane i kulturlandskapet er det nødvendig å halde fram med tradisjonell drift eller setje i gang skjøtsels- og restaureringstiltak. Regionalt miljøprogram medverkar til dette, saman med tilskota som går til spesielle miljøtiltak i jordbruket.

Statsforvaltaren skal også motivere kommunane til å ta vare på jordbruksareal med verdifullt kulturlandskap. Enkelte nasjonalt utvalde kulturlandskap i jordbruket får spesiell oppfølging gjennom langsiktige skjøtselsavtalar og samarbeid mellom involverte grunneigarar, brukarar, kommunar og landbruks-, miljø- og kulturminnemyndigheitene på fylkesnivå.

Vis meir


Publisert 19.09.2017

Regionalt miljøprogram for Sogn og Fjordane 2017

Søknadsfristen for miljøprogrammet er i år flytta til 15. oktober, elles er det ingen endringar i programmet i høve til 2016.


Publisert 07.09.2017

Midtre Lærdal kan bli utvalt kulturlandskap

Landbruksdirektoratet har sett på Lærdal som eitt av dei mest verdifulle kulturlandskapsområda i landet. Her er vi tett på både dei store kulturhistoriske verdiane og ei moderne landbruksdrift. Det vert no arbeidd med ein søknad om å få bli med i den nasjonale ordninga.


Publisert 11.08.2017

Tilskot til utvalde kulturlandskap - endringar i ordninga

I 2017 har forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap og verdensarvområder blitt iverksett. Forskrifta gjer at forvaltningsrutinene knytt til tilskotsmidlane blir endra.


Publisert 24.05.2017

Søkjer kandidatar til kulturlandskapspris

Fylkesmannen ber om å få tilsendt forslag til vinnarar av Kulturlandskapsprisen for Sogn og Fjordane innan 1. september. For å motta prisen må vinnaren ha gjort ein særskilt innsats for å ta vare på kvalitetar eller tradisjonar knytt til kulturlandskapet.


Publisert 26.04.2017

Kulturlandskapsprisen til Leif Magne Sylvarnes

Sylvarnes får prisen for arbeidet sitt med landbruk og skjøtsel på den veglause garden Sylvarnes i Vik kommune.


Publisert 20.03.2017

Ormelid blir utvalt kulturlandskap

Ormelid gard i Luster er teken inn på lista over ti nye område som vert innlemma i satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket i 2017. Ormelid vert såleis det tredje utvalde området i fylket, i selskap med Grinde – Engjasete i Leikanger og Hoddevik – Liset i Selje.


Publisert 21.02.2017

Midlar frå klima- og miljøprogrammet

Klima- og miljøprogrammet er ei tilskotsordning retta mot prosjekt innan praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak innan klima og miljø.
Søknadsfrist 1. april.


Publisert 11.01.2017

Fordeling av SMIL- og dreneringsmidlar

Fylkesmannen har fordelt 6 075 000 kroner til kommunane i tilskotsramme til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og 1 790 000 kroner til tilskotsordninga for drenering av jordbruksareal.


Publisert 08.09.2016

Korleis landbruket kan møte eit endra klima

Ein ny rapport frå NIBIO synleggjer kva klimaendringar vi kan vente, og kva konsekvensar dette har for landbruket i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.


Publisert 09.08.2016

Få meir kunnskap om spora i jordbrukslandskapet

Norges Bondelag har i samarbeid med Riksantikvaren gitt ut ein oppdatert og utvida versjon av heftet "De eldste sporene i jordbrukslandskapet", som handlar om arkeologiske kulturminne. Målgruppa er primært eigarar og brukarar av landbrukseigedom, i tillegg til andre interesserte.