Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Øvingskøyring med ungdom som bur på barnevernsinstitusjonar

Ungdom som bur på barnevernsinstitusjon kan gjerne øvingskøyra, men barnevernsinstitusjonen må før øvingskøyringa sjekka om ungdommen fyller helsekrava.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.10.2015

Om ungdommen har rusproblem, vil øvingskøyring kunne vere ulovleg. Vegtrafikklova § 17 andre ledd seier at eigaren av bilen må forsikra seg om at dei som skal føra bilen fyller vilkåra for å føra den.

Dei som skal øvingskøyra må vera edru og fylla dei helsekrava som går fram av vedlegg 1 til førarkortforskrifta, jf. vegtrafikklova §§ 21, 22 og 24. Ungdommar som er rusmiddelavhengige eller har ein skadeleg rusmiddelbruk fyller ikkje helsekrava i førarkortforskrifta. Skadeleg bruk er bruk som meir varig reduserer aktpågiving og køyreevne. Rusmiddelavhengige kan ha periodar med og utan skadeleg bruk. Helsekrava vert likevel ikkje rekna for å vera fylte, før vedkommande har klart seg ein lengre periode utan skadeleg bruk.

Dispensasjon frå helsekrava

Dersom rusmiddelavhengig ungdom ønskjer å køyra, kan ungdommen søka Fylkesmannen om dispensasjon frå helsekrava. Det er vanlegvis eit krav om dokumentert avhald i eitt år, minimum i seks månader. I tillegg må ungdommen ha forplikta seg til og vise at han/ho kan gjennomføra behandling og kontrollar. Ungdommen har ikkje lov til å køyra bil før dispensasjon frå Fylkesmannen ligg føre.