Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Nye førarkortregler skal forenkle sakshandsaminga

Dersom høyringsforslaget blir vedteke vil mange sjåførar som tidlegare har måtte søke om dispensasjon stette helsekrava til førarkort. Høyringsfrist er 15. mars 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2014

Forslaget som Vegdirektoratet og Helsedirektoratet har sendt på høyring gjeld endring av helsekrava i førarkortforskrifta. Sjåførane som tidlegare måtte søke kan då gå direkte frå legen til trafikkstasjonen utan handsaming frå Fylkesmannen. 

I dag må ein sjåfør som ikkje stetter helsekrava søke Fylkesmannen om dispensasjon. Fylkesmannen handsamar på landsplan om lag 15.000 søknadar om dispensasjon årleg. Mellom 80 og 90 prosent av søknadane blir innvilga – heilt opp mot 98 prosent innan særskilde sjukdomskategoriar. Det er soleis tale om ein betydeleg administrativ oppgåve for landets fylkesmenn og dei sjåførar som må søke om dispensasjon.

Du kan lese heile høyringsforslaget på Statens vegvesen sine sider.

Kontaktpersonar