Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Nye helsekrav for førarkort - kva betyr det for deg?

Har du førarkort er denne artikkelen relevant for deg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.09.2016

For å ha lov til å køyre må du vere skikka til å kunne køyre på ein trygg måte. Om du er skikka trass i sjukdomstilstand går fram av helsekrava i vedlegg 1 i førarkortforskrifta.

Frå og med laurdag 1. oktober 2016 trer nye helsekrav for førarkort i kraft.

Skikka for trygg køyring

Helsekrava står oppført i vedlegg 1 til forskrift om endring i førarkortforskrifta. Helsekrava er ei detaljert skildring av ulike sjukdomstilstandar som er vurdert å utgjera ei helserisiko i trafikken. Helsekrava er i praksis ei helsefagleg utdjuping av overordna føresegn i vegtrafikklova om køyreevne:

Vegtrafikklova § 21 første ledd:

"Ingen må føre eller forsøke å føre kjøretøy når han er i en slik tilstand at han ikke kan anses skikket til å kjøre på trygg måte, hva enten dette har sin årsak i at han er påvirket av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel, eller i at han er syk, svekket, sliten eller trett, eller skyldes andre omstendigheter."

Førarkort er ikkje ein rett

Det er ikkje ein rett å ha førarkort - det er eit privilegium sjåføren kan få tildelt av samfunnet. Dette betyr også at samfunnet for sin del kan stille ein rekke krav til sjåføren - mellom anna minstekrav som gjeld helse.

Helsekrava er differensierte slik at krava er strengare for tyngre køyretøy enn for lette køyretøy. Tyngre køyretøy har større skadepotensiale enn lette køyretøy. På same vis er helsekrava også strengare for sjåførarar som skal transportere andre personar i yrke og for sjåførarar som skal køyre utrykkingskøyretøy.

Kven har ansvaret for regelendringane?

Det er Vegdirektoratet, som overordna fagmyndigheit på vegområdet, som i samarbeid med Helsedirektoratet, som overordna fagmyndigheit på helseområdet, har hatt ansvaret med å utarbeide og gjennomføre regelendringane. Det skjer samstundes også andre tilpassingar av førarkortforskrifta som ikkje gjeld helse.

Kva er bakgrunnen for regelendringane?

Norge har plikt til å tilpasse sitt eige nasjonale regelverk til eit felleseuropeisk EØS-regelverk. På somme område har helsekrava i Norge vore meir strenge og på somme område mindre strenge. Det har vidare over tid utvikla seg ein dispensasjonspraksis der dispensasjon har blitt regelen snarare enn unntaket. Ordlyden "… i særlege tilfelle" har i praksis blitt tolka slik at rundt 85 % av søkarane har fått dispensasjon - heilt opp mot 95 % når det gjeld hjertesjukdomar.

Kva er føremålet med regelendringane?

Eit føremål er tilpassing av regelverket til felleseuropeisk regelverk. Eit anna føremål er å gjera praktiseringa av reglane mindre byråkratisk for sjåførane. Eit tredje føremål er å gjera sakshandsaminga meir lik over heile landet ved å fjerna det rom for skjønn som eksisterer i dag. Eit fjerde føremål er å fjerne ei stor administrativ oppgåve hjå fylkesmennene. Fylkesmennene måtte i 2015 handsame i alt 33.466 førarkortsakar. Av desse var 16.245 søknadar om dispensasjon.

Kva skjer overordna sett med helsekrava?

Etter 1. oktober samsvarar nivå for tilfredsstillande køyreevne med dagens nivå for dispensasjon. I dag har vi to nivå for vurdering av tilfredsstillande køyreevne. Eitt nivå er helsekrava og eitt nivå er dispensasjonspraksis når ein ikkje fyller helsekrava. Vi har altså to ulike nivå med likt resultat – at sjåføren får køyre i trafikken. Forskjellen mellom dei to er at dispensasjonane medfører ein betydeleg administrativ oppgåve for både sjåførane og myndigheitene. Når rundt 85 % av dei som har søkt om dispensasjon også får dette, må ein vurdere om regelverket er fornuftig. 

Vert helsekrava meir strenge?

Nei, helsekrava vert i hovudsak ikkje meir strenge. I motsetning til kva som har blitt skildra på ulike media vert helsekrava med somme unnatak mindre strenge men meir tydelege. Det er dispensasjonspraksis som er tenkt meir streng. I praksis betyr dette at hovudparten av alle sjåførarar som i dag ikkje fyller helsekrava, og som treng dispensasjon, etter 1. oktober fyller helsekrava og difor ikkje lenger treng dispensasjon. Stortinget har altså med eit pennestrøk over natta gjort livet langt lettare og mindre byråkratisk for hovudparten av alle sjåførarar.

Innskjerpinga, der helsekrava etter 1. oktober vert meir strenge, gjeld i hovudsak for sjåførarar som nyttar trafikkfarlege legemiddel som roande legemiddel, sovemiddel og sterke smertestillande legemiddel. Samstundes har politiet no også utstyr som gjer at dei kan teste for slike legemiddel ute i trafikken. 

Vert dispensasjonspraksis meir streng?

Ja, det er lagt opp til at dispensasjonspraksis vert meir streng slik at få kan venta å kunne få dispensasjon i framtida. Dette må uansett sjåast i samanheng med at helsekrava vert mindre strenge slik at ganske få personar vil trenge dispensasjon. Mange av dei 15 % som i dag ikkje får dispensasjon vil etter 1. oktober fylle helsekrava slik at dei får køyre. Det vil då være att ein liten restgruppe som ikkje får dispensasjon i dag og som heller ikkje vil kunne venta å få dispensasjon etter 1. oktober. Den gruppa av pasientar som vil oppleve dette mest tydeleg, er dei som nyttar trafikkfarlege legemiddel. 

Ei anna endring i dei nye reglane er bortfall av behov som vurderingsmoment. I dag skal fylkesmennene vurdere behovet til den som søker om dispensasjon. I dag er Fylkesmannen mindre streng dersom sjåføren står i fare for å miste inntektsgrunnlaget sitt. I framtida skal trafikktryggleika være viktigaste vurderingsmoment uavhengig av behovet til den som søker.

Kan fastlegen gi meg køyreforbod?

Ja, i prinsippet. Dersom legen (eller psykologen eller optikaren) vurderer at sjåføren ikkje fyller helsekrava, pliktar legen å informere sjåføren om at han eller ho ikkje må køyre. Er det tale om ein meir langvarig tilstand, pliktar legen i tillegg å sende skriftleg melding til Fylkesmannen. Fylkesmannen vil då til vanleg tilrå politiet å tilbakekalle førarretten. Dersom det er fare for alvorleg skade på person eller eigedom pliktar legen å varsle politiet om legen blir kjent med at sjåføren held fram med køyring. Desse pliktene går framfor den generelle teieplikta som alt helsepersonell er pålagt.

Kva om eg er ueinig med fastlegen eller Fylkesmannen?

Vurderinga av om ein pasient fyller helsekrava, er ein vurdering ein kvar lege (eller psykolog eller optikar) pliktar å gjere.

Legen sin utfylling av helseattesten som gjeld førarkort er sakkunnigarbeid og ikkje helsehjelp. Fastlegen er til vanleg den som har best grunnlag for å fylle ut slik attest. Fastlegen er då formelt sett medisinsk fagleg konsulent som utførar eit stykke sakkunnigarbeid på vegner av Statens vegvesen på bestilling frå sjåføren (her sjåfør og ikkje pasient). Det er også dette som gjer at sjåføren må betale honorar direkte til legen utan om refusjonsordninga. Dersom sjåføren meiner at fastlegen tar feil, kan sjåføren be ein annan lege gjere ei ny vurdering. Ein kvar lege som fyller ut slik helseattest må likevel sikre seg at saka er tilstrekkeleg opplyst, noko som blir innskjerpa og formalisert etter 1. oktober 2016. Dette betyr også at ein kvar lege, som ikkje er fastlegen og som ikkje har god kjennskap til sjåføren, pliktar å hente inn tilstrekkeleg informasjon og gjera tilstrekkelege undersøkingar – utdjupa i ny paragraf 5 og 6 i førarkortforskrifta.

Sjåføren kan også be Fylkesmannen gjera ei tilsynsvurdering. I den grad det ikkje klart er tale om fagleg uforstand vil Fylkesmannen vanskeleg kunne overprøve legen sin vurdering. Fylkesmannen vil likevel kunne undersøke om vurderingsprosessen vart gjennomført i tråd med attestasjonskravet og forsvarlegkravet i helsepersonellova.

Sjåførarar som ikkje fyller helsekrava kan søke om dispensasjon hjå Fylkesmannen i folkeregisterfylket. Dispensasjonspraksis er venta å bli streng slik at få kan venta å få dispensasjon. Ved eit eventuelt avslag vil Fylkesmannen på eige initiativ sende søknaden vedlagt avslaget til Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (Helseklage) som vil ta endeleg avgjerd.

Er det ingen ulemper?

For somme sjåførarar med somme sjukdomstilstandar vert helsekrava meir strenge. Yrkesbussjåførarar med sukkersjukdom som vert behandla med legemiddel (med somme unnatak) vil ikkje fylle helsekrava og vil heller ikkje lenger kunne rekne med å få dispensasjon. Sjåførarar med syn på berre eit auge vil ikkje fylle helsekrava for køyring av lastebil og buss og vil heller ikkje lenger kunne rekne med å få dispensasjon. Det er likevel gitt ein overgangsordning fram til og med 30.09.2019 som gjer at desse sjåførane i praksis får tre år til å omskolere seg. Yrkesbussjåførane i eksemplet kan til dømes køyre lastebil eller drosje.

For fastlegane sin del vil dette bety at dei i ein innkjøringsperiode truleg må nytte meir tid på å gjennomføre slike førarkortvurderingar. Dei får tilbakeført meir ansvar, men helsekrava vert samstundes meir tabellariske, med mindre rom for skjønn, slik at det på sikt ikkje er tenkt at dei skal nytte meir tid på dette. Men regelverket er både nytt og omfattande slik at fastlegane i ein innkjøringsperiode oftare må slå opp i regelverket, noko som sjølvsagt vil ta meir tid.

Så Fylkesmannen er positiv?

Ja, for vår del synest dette å være ein klar forbetring av både regelverk og truleg også dagleg praksis. Det vil uansett bli ein innkjøringsperiode med ein del spørsmål frå alle involverte partar. Men dei fleste sjåførane som i dag må søke Fylkesmannen om dispensasjon kan etter innkjøringsperioden sjå fram til ein enklare kvardag.

Kvar finn ein meir informasjon?

Eg vil rå sjåførarar og helsepersonell å vende seg til Helsedirektoratet sine heimesider om førarkort. Der finn ein statusoppdateringar og lenke til helsekrava og vidare lenke til ein førarkortrettleiar som er ein bruksmanual til helsekrava. Det er også mogleg å abonnere på statusoppdateringar, noko som særleg vil være relevant for yrkessjåførarar i den grad det kjem nye tilpassingar av regelverket.

Ved generelle spørsmål som gjeld førarkort utan om helsekrava kan ein kontakte Statens vegvesen. Ved generelle spørsmål som gjeld helsekrava kan ein kontakte Fylkesmannen. Ved spesifikke spørsmål som gjeld eigen sjukdom må ein kontakte fastlegen.