Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Endring av helsekrav til førarkort ved medikamentbruk

Paragraf 36 nr. 8 er oppheva med verknad frå 26.10.2017. Dette betyr at helskrava kan vere stetta ved bruk av antipsykotika, antiepileptika og antidepressiva.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2017

I praksis innebere endringa at personar med trong for fleire medikament til behandling av psykiske vanskar eller epilepsi vil stetta helsekrava, dersom ikkje bruken er i stid med andre helsekrav eller det generelle helsekravet i paragraf 35:

§ 35.Generelle helsekrav ved bruk av midler som kan påvirke kjøreevnen

Helsekrav er ikke oppfylt dersom alkohol, rusmidler eller legemidler brukes i et omfang og på en måte som fører til helsesvekkelse med økt trafikksikkerhetsrisiko.

Endringa betyr også at det ikkje er krav om halvering av maksdose ved bruk av antipsykotika, antiepileptika og antidepressiva og eit anna medikament i paragraf 36. Ved denne kombinasjonen må legen likevel vurdere bruken opp mot risiko i trafikken og det generelle helsekravet i § 35.

Ved bruk av to medikament som td. benzodiazepinar eller benzodiazepinliknande (roande) middel, opioider (sterke smertestillande) og/eller antihistamin bruk som sovemiddel må døgndosen reduserast som før.

Helsedirektoratet sin førarkortrettleiar IS- 2541 vert oppdatert.

 

 

Kontaktpersonar