Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Barn og foreldre

Alle barn har rett på ein trygg og god barndom og oppvekst. Familien er den viktigaste kjelda til læring, omsorg, tryggheit og tillit. Samstundes har vi fleire lover som sikrar at det offentlege også kan bidra til beste for barna. I det daglege er det kommunen som skal sørge for barnets beste, men også fleire statlege styresmakter har oppgåver knytt til forholdet mellom barn og foreldre.


04.12.2018

Teieplikt med vit

– Teieplikt skal ikkje vera eit hinder for at born og andre får gode tenester, skriv fungerande fylkesmann Gunnar O. Hæreid på Fylkesmannsbloggen. Her kan du lese heile innlegget hans om kor viktig det er at teieplikta vert nytta rett og med vit.


03.12.2018

Øving gjer meistar

Det er behov for kompetanseheving når det gjeld vurderingspraksis og fastsetjing av standpunktkarakterar i grunnskulen. Lærarar frå fylket nytta ein heil dag i fellesskap for å trene på læreplanforståing og regelverk.


30.11.2018

Tilskot til å rydde opp i marin forsøpling

Miljødirektoratet og Handelens miljøfond skal dele ut pengar til lag, organisasjonar, bedrifter og andre som vil rydde opp i marin forsøpling. 


29.11.2018

Oppfølging av barn i fosterheim og fosterheimen

Når eit barn flyttar i fosterheim har kommunen plikt til å følgje opp og føre kontroll med barnets situasjon i fosterheimen. Kommunen skal sikre barnet medverknad og at fosterforeldra får nødvendig råd, rettleiing og oppfølging. Dette gjeld både ved frivillige plasseringar og plasseringar bestemt av fylkesnemnda.


16.11.2018

Rapportering på tilskot for symjeopplæring i barnehagar

Kommunar og barnehagar som har fått tilskot til symjeopplæring for barnehagebarn skal innan 15. desember rapportere på eige elektronisk skjema.


11.10.2018

Sjumilssteget har fått ny nettside

Sjumilssteget nasjonalt har ny nettside med nyttige lenker, materiale og nett-TV. Sida skal vere eit verktøy for alle som jobbar for og med barn sine rettar.


25.09.2018

Læringsnettverk for barneverntenestene

Det vert nytt møte i læringsnettverket for barneverntenestene i Sogn og Fjordane. Alle kommunar er velkomne til å delta på møtet, også dei som ikkje var på oppstartsmøtet.


18.09.2018

Korleis støtte opp om utvikling og læring?

– Eit godt samarbeid mellom heim og skule er ein grunnleggjande føresetnad for at våre barn skal lukkast, skriv utdanningsdirektør John Ole Vange og seniorrådgjevar Lill Mona Solberg. Les heile innlegget deira på Fylkesmannsbloggen.


23.08.2018

Karakterstatistikk for grunnskulen 2018

Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2018, er offentleggjorde. Avgangselevane i år fekk betre karakterar enn dei som gjekk ut i fjor.


21.08.2018

Erfaringar frå eksamen i grunskulen 2018

Oppmannsrapportane i faga engelsk, matematikk og norsk etter gjennomføringa av skriftleg eksamen i grunnskulen våren 2018 er no publiserte. Rapportane gjeld for eksamensregion Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel