Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar 2022

Søknadsfrist:
15. mai 2022 23:59
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022 23:59

Kommunar som ønskjer å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar kan søkje Statsforvaltaren om tilskot. Midlane skal stimulere kommunane til å gjere ein ekstra innsats slik at nykomne minoritetsspråklege elevar kan få meir og betre symjeopplæring. Søknadsfristen er 15. mai 2022. 

Publisert 10.03.2022

Statsforvaltaren er tildelt kr 834 000 som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2022. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2022.

Mål for ordninga

Målet er å redusere risikoen for ulykker i samband med badig og å setje elevane betre i sand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Organisering av symjeopplæringa

Kommunen vel sjølv korleis symjeopplæringa skal organiserast. Symjeopplæringa kan leggjast til skoletida eller etter skoletid.

Søknad om tilskot

Søknadsskjema må fyllast ut og sendast til sfropost@statsforvalteren.no

Bruk skjema i høgremenyen. Send berre ein søknad frå kvar kommune.

Rapportering

Kommunen skal rapportere om talet på nykomne minoritetsspråklege som har gjennomført symjeopplæring innan 1. desember 2022. 

Du finn meir informasjon om tilskotsordninga i brevet som er sendt til kommunane i Rogaland, sjå høgremenyen. 

Aktuelle ressursar

Ressursside om symjeopplæring frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Film om tilskotsordninga - symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar.

Søknadsfrist:
15. mai 2022 23:59
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2022 23:59