Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Opplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021
Målgruppe:
Barn og unge som søker opphald i Noreg
Ansvarleg:
Utdanningsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen
Kommunar/fylkeskommunen kan søke om tilskott for hausten 2020 for aldersgruppa 16-18 år. Tilskottet skal bidra med finansiering og stimulere kommunane til å gi grunnskoleopplæring til barn og unge som søker opphald i Noreg. Frist for å søke tilskott er 15. april 2021.
Publisert 15.01.2021, Oppdatert 15.01.2021

Grunnskoleopplæring aldersgruppa 16-18 år

Barn og unge asylsøkarar og barn og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt grunnskoleopplæring. Elevar i alderen 16-18 år utløyser statstilskott. Fyller eleven 18 år i løpet av skoletida blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Kommunane søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort.

Aldersgruppa 6-15 år

Frå hausten 2018 - skoleåret 18/19 overtok Utdanningsdirektoratet forvaltninga av tilskottet for aldersgruppa 6-15 år. Kommunane skal ikkje lenger sende søknad om tilskott for denne aldersgruppa. Utdanningsdirektoratet vil utbetale tilskott til kommunane basert på faktisk innrapportert belegg frå Utlendingsdirektoratet. 

Vidaregåande opplæring

Unge asylsøkarar og unge som søker familiegjenforeining er omfatta av tilskottsordninga. Det er eit krav at eleven oppheld seg lovleg i landet og at det blir gitt vidaregåande opplæring. Fyller eleven 18 år i løpet av skoleåret blir det gitt tilskott ut dette skoleåret. Fylkeskommunen søker Statsforvaltaren om tilskott. Når søknad om opphald er avgjort og asylsøkeren/eleven har flytta til bustadskommunen eller reist ut av landet, fell statstilskottet bort. Når søknad om familiegjenforeining er avgjort fell statstilskottet bort. Opplæring etter opplæringslova § 4a-1 andre ledd ("meir grunnskole") utløyser ikkje tilskott over denne tilskottsordninga.

Du finn lenke til meir informasjon og søknadsskjema  i høgremenyen.

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021
Målgruppe:
Barn og unge som søker opphald i Noreg
Ansvarleg:
Utdanningsavdelinga
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen