Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar 2021

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021 23:00
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2021 23:00

Kommunar som ønskjer å drive symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar kan søkje Statsforvaltaren om tilskot. Søknadsfristen er 15. april 2021.

Publisert 22.02.2021

Statsforvaltaren er tildelt kr 834 000 som skal nyttast til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar i 2021. Tilskotsordninga gjeld for nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring. Tilskotssatsen er inntil kr 1750 per elev som det blir gitt symjeopplæring til. Andre kostnader må kommunen dekke sjølv. Tilskotet skal brukast i budsjettåret 2021.

Mål for ordninga

Målet er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskoleopplæringa meir og betre symjeopplæring, og med det redusere risikoen for drukningsulykker. Vidare er det eit mål å setje elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen. Det er eit mål i læreplanen at elevane skal vere symjedyktige etter 4. årstrinn.

Organisering av symjeopplæringa

Kommunen vel sjølv korleis symjeopplæringa skal organiserast. Symjeopplæringa kan leggjast til skoletida eller etter skoletid.

Søknad om tilskot

Søknadsskjema må fyllast ut og sendast til sfropost@statsforvalteren.no

Bruk skjema i høgremenyen. Send berre ein søknad frå kvar kommune.

Rapportering

Kommunen skal rapportere om talet på nykomne minoritetsspråklege som har gjennomført symjeopplæring innan 1. desember 2021. 

Du finn meir informasjon om tilskotsordninga i brevet som er sendt til kommunane i Rogaland, sjå høgremenyen. 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
15. april 2021 23:00
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege barn og unge i grunnskolen og vaksne med rett til grunnskoleopplæring
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Rogaland
Kven kan søke:
Kommunar som har elevar i målgruppa
Rapporteringsfrist:
1. desember 2021 23:00