Ny Norsk rødliste 2021 og status for truga arter i skog

Granskog i Vasshus i Suldal planta i 1870.
Granskog i Vasshus i Suldal planta i 1870. Foto: Stein Bomo.

Artsdatabanken har vurdert 23 400 arter og av desse er 2750 artene rekna som truga. Av dei truga artane lever omkring 1330 av dei heilt eller delvis i skog.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.01.2022

Hausten 2021 kom Artsdatabanken med ny Norsk Rødliste som er ein oversikt over arter som kan ha ein risiko for å døy ut i Norge. Av dei 23 400 artene som er vurdert hamna 4950 på Norsk raudliste, medan dei resterande har ‘livskraftige’ bestandar. For dei raudlista artene er 2750 arter i kategoriane  ‘sårbar’, ‘sterkt truet’ og ‘kritisk truet’, og blir rekna som truga. Om lag 300 arter er vurdert som kritisk trua, 950 arter som sterkt truet og 1500 arter som sårbar. Dei resterande 2200 artene i raudlista er plassert i kategoriane ‘nær truet’, ‘datamangel’, ‘regionalt utdødd‘. Artstala er avrunda til næraste 50. 

Skog er eit viktig leveområde for mange arter

Av dei truga artane er det 1330 (48 %) som lever heilt eller delvis i skog. Det er i skog ein finn flest arter, og det er difor naturleg at ein også finn flest truga arter her. Mange av desse er spesialistar knytt til bestemte livsmiljø. Dei største artsgruppene av truga arter i skog er sopper (387 arter), biller (232 arter), lav (167 arter) og tovinger (137 arter).

Mengda truga arter som lever i skog er uendra frå førre revisjon av Rødlista i 2015 til den nye versjonen i 2021. Det er fleire arter som blei vurdert i 2015 som går ut av Rødlista, men dette vegast opp ved at mange skoglevande arter som har blitt vurdert for første gong i 2021 kjem inn på Rødlista. Det er 289 arter i skog som for første gong har blitt vurdert i 2021 og som no er på Rødlista.   

Store endringar i kategoriar

Mange arter i skog har endra kategori. Det er fleire arter i skog som har fått ein lågare og mindre alvorleg kategori enn høgare kategori. Av dei reviderte artane har 276 blitt vurdert til ein lågare kategori i 2015, og 231 arter har fått ein høgare kategori enn i 2015. Endring av kategori skuldast ny kunnskap, eller ny tolking av eksisterande data.

Auka kartlegging har også ført til fleire funn av nye rødlistearter, og at mange populasjonar er større enn tidlegare antatt. 164 rødlistearter i 2015 er no vurdert til å hamne i kategorien ‘livskraftige‘, og står ikkje på Rødlista lenger. 99 arter som blei vurdert som livskraftige i 2015 er kome inn på Rødlista i 2021. For meir informasjon om truga arter i skog sjå nettsida til arstdatabanken om Status for truete arter i skog (artsdatabanken.no)

Arealendringar påverker dei truga artane

Det er eit mangfald av årsaker til at enkelte arter er truga; arealendringar, forureining, klimaendringar og påverking frå andre arter er nokon av dei.

At areal blir endra som følgje av menneskeleg aktivitet er den faktoren som påverkar flest av dei truga artene (89,2 %). Arealendringar omfattar fysiske inngrep som bygging av bustad og infrastruktur i form av vegar og leidningsnett, og praktisk bruk av areala gjennom skog- eller jordbruksaktivitet.

Menneskeleg påverknad gjennom utbygging har stor betydning for dei truga artane, og utbygging er antatt å påverke 1552 av dei 2800 artane som er truga negativt. Det kjem fram i ein ny rapport frå Miljødirektoratet at mellom 1990 og 2019 blei bygd ned landområder tilsvarande 1500 km2. Det er det same som 7000 fotballbanar årleg. Av det nedbygde arealet var 75 % opphaveleg skog (figur 1).

Arealendring knytt til skogbruk er antatt å påverke 1132 truga arter. Båe open og lukka hogstformar er antatt å ha ei negativ innverknad på leveområda. Treslagsskifte er også oppgitt som eit tiltak som kan påverke ein del truga arter negativt.

Figur 1. Nedbygget areal 1990-2019 fordelt på arealkategori. Prosent. Kilde: «Faktagrunnlag for vurdering av avgift på klimagassutslipp fra nedbygging av arealer».
Figur 1. Nedbygget areal 1990-2019 fordelt på arealkategori. Prosent. Kilde: «Faktagrunnlag for vurdering av avgift på klimagassutslipp fra nedbygging av arealer». Foto: Miljødirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.