Det er tid for rapportering av juletresalet

Foto: Birgit S. Hagalid.

Alt sal av juletre skal rapporterast til virkesdatabasen. Juletreprodusenten må sjølv rapportere sal av tre som har gått direkte til ein kunde. Sel du via grossist er det grossisten som melder inn trea.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.01.2022

Juletre og pyntegrønt reknast som ein del av skogbruket, og sal av juletre og pyntegrønt skal i likheit med tømmer og ved meldast inn til Virkesdatabase for Skogfond Og måleOpplysninger (VSOP).

Føremålet med databasen er hente inn data til statistikk over sal og marknad for juletre, gi oversikt over aktiviteten i skogbruket og  opplysningar til bruk for trekk og innbetaling av skogfond. Det er Landbruksdirektoratet som er ansvarlege for Virkesdatabasen.

Webinar om korleis melde til VSOP 1. februar

I saman med Rogaland juletre arrangerer me webinar om VSOP den 1. februar. Det blir ei praktisk gjennomgong av korleis fylle ut skjemaet for å melde inn salet og moglegheit for spørsmål. 

Tid: 19.00-20.00

Stad: Teams

Invitasjon kjem på facebooksida til Rogaland juletre og nettsida til Statforvaltaren i Rogaland. 

Kven skal rapportere til VSOP?

I dei fleste tilfelle melder produsenten inn salet til databasen sjølv. Dette gjeld ved direktesal til kundar utanfor butikk, på torg, bensinstasjonar, på bestilling, sjølvhogst mfl. Det gjeld i praksis også når ein produsent sel juletre til idrettslag, organisasjon eller liknande som sel trea vidare.

I tilfelle der ein produsent leverer juletre eller pyntegrønt til ein større grossist som sel vidare til andre aktørar i Noreg eller i utlandet er det grossisten som skal rapportere desse trea. Her er det likevel produsenten som sit med ansvaret for at rapporteringa faktisk skjer, sjølv om det er ein grossist som rapporterer i praksis. Det kan difor vere lurt å høyre med din grossist kva rutiner dei har for rapportering av juletrea.

Korleis rapportere?

Du kan rapportere elektronisk via Altinn eller på papirskjema som sendest til kommunen.

Elektronisk

Papirskjema

  • Skjema på nynorsk og bokmål finn du i høgre marg.
  • Obs: I papirskjemaet står rapportering av juletre og pyntegrønt under «frivillig». Dette er fordi det frivillig å sette av skogfond. Samstundes er det ikkje valfritt å rapportere omsettinga.

Kva skal rapporterast?

I databasen skal ein rapportere inn omsetninga frå juletresalet; alle samla inntekter innanfor gitt salsperiode.

Du treng informasjon om kor mange tre du har selt, og kva den totale omsettinga di er for gitt sesong (bruttoverdi utan moms).

Det er også mogleg å sette av skogfond. Sjå avsnittet under.

Du kan sette av skogfond med skattefordel til å etablerer nye juletrefelt

I same rapporteringsskjema har du moglegheit til å sette av mellom 4 og 40 % av inntekta frå salet i skogfondet knytt til eigedomen din. Dette er frivilleg for sal av juletre og pyntegrønt.

Skogfondet er ei gunstig ordning som skal sørge for at dei som driv med aktivt skogbruk har midlar til å etablere ny skog etter hogst. Summen som blir sett av i skogfondet blir ikkje inntektsført. Inntektsføringa skjer når pengene blir teke ut av fondet igjen, men då er det berre 15 % som blir beskatta.

For at denne skattefordelen skal tre i kraft må midlane på kontoen nyttast til gitte føremål. Innanfor juletre- og pyntegrøntproduksjon gjeld dette kostnadar knytt til etableringa av plantefelta. Etableringsfasen er definert som det kalenderåret plantinga skjer, pluss det påfølgande kalenderåret.

I etableringsfasen kan du mellom anna nytte skogfond til:

  • jordbearbeiding som er nødvendig for å sikre god etablering. (ugrasbekjemping, torvflekking, ordinær markbereding).
  • ugrasbekjemping.
  • drenering som skjer i forbindelse med etablering av feltet.
  • skogsbilvegar, på same måte som for skogproduksjon.
  • inngjerding med føremål å hindre vilt i å kome inn på feltet.
  • bekjemping av lus og sopp.
  • gjødsling.

Kva tid skal du melde inn VSOP og skogfond?

Du bør melde inn salet så snart du har klart tal over antal tre selt og omsetning. 

Om du også set av midler til skogfond og ynskjer at desse skal kome på skogfondsrekneskapet for det året der juletresalet skjedde, er fristen 6. januar 2022. Statistikken over antal tre selt og omsetning kjem då også på riktig salsår. 

For mange produsentar kan denne datoen kome brått på. 

Om du ikkje rekk fristen må du likevel å registrere juletresalet. Gjer dette så snart du har klart tal for sal og omsetning. Konsekvensane av å melde inn etter fristen er at midlane du eventuelt set av til skogfond blir ført på skogfondsrekneskapet for det nye året (2022 i dette tilfellet).

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.