Tilskot til organisert beitebruk. Søknadsfristen er 15. november

Beitelaga i Rogaland kan søke regionalt miljøtilskot (RMP) om tilskot til organisert beitebruk. Søknadsfristen er 15. november. Tilskotet skal gå til arbeidet med organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. Her er lenke til informasjon og søknadskjema hos Landbruksdirektoratet. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.09.2021

Det er beitelagsleiaren eller ein annan ansvarleg for beitelaget som må søke om tilskot elektronisk via Altinn. Her skal det på alle medlemmane i beitelaget leggast inn opplysningar om kor mange dyr som blei sende til heis og kor mange som er sanka heim. Tilskotet blir rekna ut frå tal slepte dyr. Beitelaget skal normalt sende søknaden til den kommunen der hovuddelen av beitinga skjer.

Vilkår for tilskotet

Beitelaget skal bruke tilskotet til å fremme den organiserte beitebruken gjennom fellestiltak. Det er kostnadskrevjande å ha sau på utmarksbeite. Dyra skal sjås etter kvar veke, og oftare når det er grunnar som tilseier at det er nødvendig. Det er òg mykje arbeid med sanking og ettersanking av dyra på hausten. Felles organisering av dette arbeide gjer det både betre og meir effektivt.

Tilskotet skal gå til fellestiltak, og det er ikkje høve til å fordele tilskotet jamt til medlemane som eit ekstra beitetilskot. Same beitelag kan heller ikkje få tilskot til dei same dyra frå to fylke. 

Nyregistrerte lag skal ha minst 5 medlemmer og 300 småfeeiningar. Minstekrav for eksisterande lag er 3 medlemar og 150 småfeeiningar. Laget må organisere felles beitebruk på utmark i minimum 6 veker i sommarhalvåret.

I tillegg er det følgjande krav:

  • Laget skal ha eigne reglar og eit styre valt av medlemane i laget.
  • Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremje bruk av beiteområda.
  • Laget skal bruke alle tilskot til laget til å fremje den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak. Laget skal føre rekneskap. Laget kan ikkje overføre tilskot til medlemane utan dokumenterte utlegg eller utgifter knytt til den organiserte beitebruken.
  • Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område, tilpassa lokale forhold. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong kvar veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
  • Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisere ressursbruk og utnytting av beita. Dette gjeld særleg sanking og ettersanking.
  • Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde, unormale tilhøve i beiteområdet og tiltak som er sett i verk).

Statsforvaltaren og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen.

Kommunane godkjenner tilskotet

Dei endelege tilskotssatsane blir sett i januar ut frå søknadsomfang og økonomisk ramme. Det blir gjort av Statsforvaltaren i samråd med faglaga. Kommunane behandlar søknadar om tilskot, og godkjende søknadar blir utbetalt i mars 2022.  

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.