Statsforvaltaren tilrår grensejustering av Forsand-delen av Sandnes

Denne delen av Sandnes kommune bør overførast til Strand, meiner Statsforvaltaren i Rogaland. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som skal ta endeleg stilling.
Denne delen av Sandnes kommune bør overførast til Strand, meiner Statsforvaltaren i Rogaland. Det er Kommunal- og distriktsdepartementet som skal ta endeleg stilling. Foto: James Stott / Kartdata - Kartverket, Geovekst og kommunane.

Grensejusteringa kan behandlast etter inndelingslova. Statsforvaltaren i Rogaland tilrår vidare ei grensejustering slik at Forsand-delen av Sandnes blir ein del av Strand kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2022

– Dette er den beste geografiske eininga for regionen. Det er dessutan ei grensejustering som innbyggarane i området har uttrykt eit klart ønske om, seinast i innbyggarhøyringa som blei offentleggjort 9. februar, der 54 prosent sa dei vil til Strand, seier statsforvaltar Bent Høie.

– Viktig å gjennomføra ei reell og grundig utgreiing

Statsforvaltaren har nå gjennomført ny utgreiing og vurdering, etter at eit innbyggjarinitiativ gjorde at Kommunal- og distriktsdepartementet ønskte ei ny utgreiing av ei eventuell grensejustering, for den delen av Sandnes som ligg i tidlegare Forsand kommune.

I det omfattande kommunereformarbeidet som blei levert i 2016, tilrådde Statsforvaltaren ei samanslåing mellom Strand og Forsand.

– Mykje kan skje på så mange år, derfor har det vore viktig for oss å gjennomføra ei reell og grundig utgreiing før me trekker ein ny konklusjon. Etter å ha jobba med saka denne gongen, er argumentet for Strand endå sterkare enn i 2016. Det skuldast i all hovudsak opninga av Ryfast, påpeiker Høie.

Inndelingslova kan nyttast

I oppdraget frå departementet skulle også Statsforvaltaren vurdera om ei grensejustering kan gjerast etter inndelingslova. Sandnes kommune meiner det ikkje er høve til det, og ser på det som ei reversering av ei nyleg gjennomført kommunesamanslåing. Det er ei forståeleg innvending, men me deler ikkje dette synet. Ei reversering måtte i så fall bety at Forsand gjenoppstår som eigen kommune. Det er ikkje eit aktuelt tema. Inndelingslova definerer det slik:

«Grensejustering inneber at eit område blir flytta over frå ein kommune til ein annan, eller frå eit fylke til eit anna. På same måten blir det rekna når ein heil kommune blir flytta over til eit anna fylke. Departementet kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering, dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune eller eit fylke som skal leggjast til andre kommunar eller fylke etter andre ledd bokstav b.»

Ved å flytta delar av Sandnes kommune til Strand kommune betyr det at «eit område blir flytta over frå ein kommune til ein annan». Vidare er det slik at grenseendringa til det området det er aktuelt å flytta, har «ein mindre del av innbyggjarane», nærare bestemt 1,4 prosent, i Sandnes kommune. Dette er eit tilleggsvilkår i lova.

Same bu- og arbeidsmarknad

Statsforvaltar Bent Høie ser at det finst argument mot ei grensejustering til Strand. Den samanslåtte kommunen er relativt ny, og det er lagt ned mykje arbeid og pengar i å få den nye kommunen på plass, men:

– Kostnadene blir ivaretatt gjennom reglane i inndelingslova. Ei grensejustering er i tråd med folkeviljen – og pendlarmønsteret i denne delen av Ryfylke er heilt tydeleg. Inn- og utpendlinga skjer i all hovudsak mellom Strand og Forsand. Ved ei grensejustering vil også dei store kraftinntektene frå området tilfalla Ryfylke-regionen og innbyggjarane der, slik intensjonen er ved desse ordningane, seier Høie.

Statsforvaltaren i Rogaland meiner ei grensejustering til Strand er den beste og mest framtidsretta løysninga for innbyggjarane det gjeld – og gir kommunegrenser som er betre tilpassa eksisterande samhandlingsmønster i regionen.

Nå er det opp til Kommunal- og distriktsdepartementet å ta endeleg avgjerd.

Heile brevet vårt til departementet er lagt ved.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.