NIM set kommunane sitt ansvar for menneskerettane på dagsorden

Kommunane har gjennom sine lovpålagte oppgåver og tenester ei viktig rolle for å sikre menneskerettane i Noreg. Gjennom ei spørjeundersøking har NIM (Norges institusjon for menneskerettigheter) spurt leiarar i kommune-Noreg om kjennskap til menneskerettane og om hvordan menneskerettane kjem til uttrykk på eit systemnivå. 

Publisert 06.12.2021

200 kommunar blei inviterte til å delta i spørjeundersøkinga. Av desse var det 145 kommunar som svarte på undersøkinga.

Dette var hovudfunna:
- Kommunane er kjende med at dei har eit ansvar for menneskerettane.
- Leiarane har varierande kjennskap til menneskerettane.
- Flest kjenner til FN sin barnekonvensjon.
- Fleirtalet har delteke på kurs om menneskerettane.
- Opplæring, tid og økonomi er dei største utfordringane.
- Trong for meir informasjon om korleis menneskerettane kan vere eit verktøy i kommunen sitt arbeid.
- Lite om menneskerettane i kommunane sine plandokument.
- Størst er utfordringane i dei minste kommunane.
- Barnevern og helse- og omsorg er dei tenesteområda som er mest utfordrande.
- Minst kunnskap om menneskerettane er det blant ordførarane.

På bakgrunn av funna, ser NIM fleire forbetringspunkt for kommunane:

  • Sikre systematisk opplæring av tilsette om menneskerettar.
  • Styrke kunnskapen om menneskerettar blant lokalpolitikarane.
  • Allokere meir ressursar, inkludert juridisk kompetanse, for å styrke arbeidet med menneskerettane.
  • Inkludere menneskerettar i plandokument.
  • Styrke gjennomføringa av menneskerettane i krejvande sektorar som barnevern og helse- og omsorg, samt i dei mindre kommunane.

For meir informasjon om funna frå undersøkinga og tilrådingane til NIM, sjå lenkje til høgre på denne sida.