Vaksne sin rett til grunnskoleopplæring

Det er kommunen som har ansvaret for å tilby grunnskole for vaksne. Opplæringa er gratis. Den vaksne må søke for at kommunen skal kunne vurdere om nokon har rett til grunnskoleopplæring. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.10.2022

Kven har rett?

For å ha rett til grunnskole for vaksne må søkjaren oppfylle følgjande vilkår:

  • Vere over opplæringspliktig alder (normalt hausten det året ein fyller 16 år)
  • Ha lovleg opphald i Noreg
  • Trenge grunnskoleopplæring

Kommunen kan ikkje krevje at søkaren må ha kompetanse i norsk på eit gitt nivå for å ha rett til grunnskole.  

Kommunen eller fylkeskommunen kan også tilby vaksne som har rett til å byrje i vidaregåande, meir grunnskoleopplæring. Dette vil vere aktuelt for vaksne som har behov for meir grunnskuleopplæring for å klare å fullføre og bestå vidaregåande opplæring, til dømes at dei har behov for meir norskopplæring.

Innhaldet i opplæringstilbodet

For å få vitnemål må den vaksne ha:

  • Standpunktkarakter i norsk, engelsk og matematikk
  • Standpunktkarakter i to av faga samfunnsfag, naturfag og KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk)
  • Eksamenskarakter i eitt fag med sentralt gitt skriftleg eksamen (norsk, engelsk eller matematikk) og i eitt fag med lokalt gitt munnleg eksamen (alle dei fem faga kan trekkast ut ).

Andre har ikkje mål om vitnemål, men har behov for opplæring i grunnleggjande dugleik, som vil seie å lese, skrive, rekne, uttrykkje seg munnleg og å nytte digitale verktøy.

Særskild språkopplæring

Vaksne med rett til grunnskole kan ha rett til særskild språkopplæring. Dei kan ha rett til både særskild norskopplæring, tospråkleg fagopplæring og/eller morsmålsopplæring. Dette må kommunen vurdere slik at opplæringa bli tilpassa den enkelte.

Rådgiving og realkompetansevurdering

For å kartleggje kva slags opplæring den vaksne treng, er det viktig med god rådgiving og realkompetansevurdering. Denne vurderinga skal klargjere kva for nokre fag den vaksne treng opplæring i, og om det er heile eller berre delar av faget.

Spesialundervisning

Vaksne kan også ha rett til spesialundervisning. Vi skil mellom to hovudgrupper:

  • Vaksne som ikkje har eller som ikkje kan få eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa
  • Vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande dugleik

Enkeltvedtak

Kommunen må fatte enkeltvedtak om:

  • Rett eller ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne
  • Realkompetansevurdering

For vaksne med behov må kommune også fatte vedtak om:

  • Rett til spesialundervisning for vaksne
  • Rett til særskilt språkopplæring

Kommunen kan fatte separate enkeltvedtak, eller dei kan samle meir enn eitt vedtak i same dokument. Det må då komme klart fram at deltakaren kan klage på kvar av desse rettane.

 

Statsforvaltaren i Rogaland er klageinstans på enkeltvedtak etter opplæringslova kap 4A.

 

For meir informasjon viser vi til Utdanningsdirektoratet si heimeside.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar