Nominasjon til Dronning Sonjas skolepris 2023

Dronning Sonjas skolepris går til ein skole som praktiserer likeverd og inkludering på ein god måte. Alle kan nominere skolar til prisen. Nominasjonar må sendast til Statsforvaltaren i Rogaland innan 20. august 2023
Prisen blir delt ut annakvart år til ein skole som merkjer seg ut ved å praktisere likeverd og inkludering. Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne prisen i 2005. Vinnarskolen får 250 000 kroner og eit kunstverk. Alle nominerte skolar vil få eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar frå fylka.
Kriteria for prisen
-
Skolen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
-
Skolen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
-
Skolen er kjenneteikna av positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skole og heim.
Nominasjonsprosessen
Statsforvaltaren skal nominere kandidatar til prisen og oppmodar difor skoleeigarar til å melde sine skolar som kandidatar. Andre aktørar kan også nominere skolar, via Statsforvaltaren. Vi oppmodar ulike organisasjonar til å ta kontakt med skolar eller skoleeigarar dei meiner oppfyller kriteria, og oppmode dei om å melde seg som kandidatar.
Skolen treng ikkje vere "perfekt" for å bli nominert. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velje mellom. Det er mogleg å melde inn kandidatar frå tidlegare år.
Meir informasjon om prisen finn ein på Utdanningsdirektoratet sine nettsider
Send din nominasjon til Statsforvaltaren i Rogaland, Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger. Skjemaet kan også sendast som eit vedlegg til e-postadresse: sfropost@statsforvalteren.no
Fristen for å nominere skolar til prisen er 20. august 2023. Merk med Dronning Sonjas skolepris 2023.