Standpunktvurdering og klagebehandling grunnskolen 2021
Utdanningsdirektoratet har publisert oppdatert informasjon om standpunktvurdering 2021. Dei oppfordrar skolane til å setje standpunktkarakterar så seint som praktisk mogleg. Informasjon om eventuelle konsekvensar av streiken for standpunktvurdering finn du her.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tidspunkt for standpunktvurdering våren 2021
Det er kompetansemåla i læreplanen som er grunnlaget for standpunktvurderinga. Det betyr at elevane skal vurderast etter LK06 i dei fleste faga. Unntaket er valfag og andre fag som blei starta og avslutta dette skoleåret.
Ny vurderingsforskrift
Den nye vurderingsforskrifta er ikkje ei realitetsendring, men fleire av bestemmingane blei forenkla, tydeleggjorde og slått saman. Statsforvaltaren vil trekke fram to forhold i forskrifta. Standpunktkarakteren skal gi uttrykk for eleven sin samla kompetanse. For LK20 spesielt skal kompetansemåla forståast i lys av teksten om faget.
Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring
Tilpassingar i regelverket i samband med covid-19
Skoleeigar skal så langt det er mogleg følgje fastsett fag- og timefordeling sjølv om skolane er stengde eller på gult/raudt nivå i smitterettleiaren. Mellombels forskrift § 5 gir likevel moglegheit for å gjere tilpassingar i fag- og timefordeling og avvik i kompetansemål på grunn av smittevernreglar. Skoleeigar skal i alle tilfelle sørge for ei opplæring som samla sett gir moglegheit til å nå kompetansemåla i faga.
Tilpasninger i opplæring og tilrettelegging
Ved eventuelle avvik frå kompetansemåla etter mellombels forskrift, skal faglærar likevel vurdere eleven sin samla kompetanse i faget (jf. behandling av klager). Kompetansemåla som det ikkje har kunna blitt gitt opplæring i skal ikkje vere ein del av den samla vurderinga.
Behandling av klager
Dersom skolane har avvik i kompetansemåla, må rektor gjere greie for dette i sin uttale og grunngje avvika i tråd med § 5 i mellombels forskrift. Det er ikkje tilstrekkeleg at faglærar omtalar dette i si grunngjeving.
Innføringa av LK20 skjer trinnvis. Statsforvaltaren skal vurdere klagen etter den læreplanen opplæringa faktisk er gitt etter, også dersom det ikkje er i tråd med Utdanningsdirektoratet si innføringstakt.
Statsforvaltaren vil elles presisere at faglærar si grunngjeving skal synleggjere at standpunktkarakteren er ei samla vurdering av eleven sin kompetanse i faget. Det vil seie at faglærar må synleggjere ei heilskapleg vurdering ved at dei har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng. For læreplanane i LK06 gir formålet og hovudområda i faget hjelp til å sjå kompetansemåla i samanheng og forstå kva samla kompetanse i faget er. For LK20 skal kompetansemåla forståast i lys av teksten om faget, jf. vurderingsforskrifta.
LK20 er ikkje delt inn i hovudområde som LK06. Dette har betydning for faglærar si vurdering av eleven sin samla kompetanse. For LK06 må faglærar grunngje eleven sin kompetanse som eit minimum med døme innanfor alle hovudområda i faget. For LK20 må faglærar grunngje eleven sin kompetanse med døme som samla dekker kompetansemåla i faget.