Dette innhaldet er skrive før 2019 då tal fylkesmannsembete gjekk frå 16 til 10. Informasjonen kan vere utdatert.

Matproduksjon

Matproduksjonen skal sikre ønsket om trygg mat, kvalitet, mangfald og miljøvenleg produksjon. Statsforvaltaren er pådrivar for verdiskaping og næringsutvikling med utgangspunkt i sunn og trygg norsk mat.

Fylkeskommunen forvaltar tilskotsordningar som kan bidra til at fleire matprodusentar foredlar eigne råvarer og tilbyr forbrukarane gode matopplevingar. Midlar til bedriftsutvikling blir forvalta av Innovasjon Norge. Næringsutvikling innan matproduksjon er blant anna knytt til lokal matkultur og lokale spesialitetar, turisme og reiseliv, matkvalitet, helse og kompetanse.

Statsforvaltaren samarbeider med andre statlege etatar, Innovasjon Noreg, fylkeskommunane, kommunane og ulike organisasjonar i dette utviklingsarbeidet.

Vis meir