Treng du verje?

Det å få oppnemnt ei verje vil seie at du får hjelp til å ta viktige avgjerder og at du har nokon som kan sikre interessene dine, slik at du kan fungere på lik linje med andre personar i samfunnet. Verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Eit verjemål skal vere tilpassa behova dine, og det skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Du kan få oppnemnt ei verje med avgrensa ansvar for å hjelpe deg. Hjelpa frå verja kan til dømes vere avgrensa til forhold som gjeld økonomi, eller til andre personlege forhold, til dømes i samband med heimesjukepleie og sjukeheimsplass. Verja skal høyre kva du meiner før viktige avgjerder blir tekne.

Frivillig

Vanleg verjemål er frivillig, det vil seie at du skal samtykke til at du får verje. Du skal også vere med og bestemme kva verjemålet skal gå ut på og kven som skal vere verje. Det er andre regler for personar som manglar samtykkekompetanse. Det er legen til den som har verje, eller har behov for verje, som uttalar seg om personen har samtykkekompetanse. Sjå gjerne informasjonsfilmen det er lenka til.

Søk om verje

Du kan sjølv søkje Statsforvaltaren om å få verje. Eit ønske om verjemål kan også komme frå ektefelle, sambuar, foreldre, barn, søsken eller andre som står personen nær. Statsforvaltaren vurderer om du treng verje. Statsforvaltaren kan også opprette verjemål på eige initiativ.

Du kan søkje digitalt om å få verje til ein vaksen person. Det same skjemaet kan brukast viss det er behov for å endre eit eksisterande verjemål. Søknaden blir behandla i det fylket der personen er folkeregistrert.

Når Statsforvaltaren opprettar verjemål skal det samstundes avgjerast kor omfattande verjemålet skal vere. Verjemålet skal ikkje omfatte meir enn det personen treng hjelp til. 

Det er tingretten som avgjer om ein person fråtakast si rettslege handleevne. Verjemål med fråtaking av rettsleg handleevne betyr at ein person får avgrensa rett til å bestemme over sin eigen økonomi og at rettane til vedkommande blir avgrensa. Vergemal.no har meir informasjon om fråtaking av rettsleg handleevne

 

Vis meir