Introduksjonsordninga

I Noreg har vi to lover som skal sikre at innvandrarar blir raskt integrerte og økonomisk sjølvstendige. Dette er introduksjonslova og integreringslova. Målet er at innvandrarane skal få gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Gjennom desse lovene legg vi til rette for at asylsøkjarar tidleg får kjennskap til norsk språk og samfunnsliv.

Lovene gir kommunar og fylkeskommunar plikt til å sørge for tidleg kvalifisering i mottak, introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap til dei som er i målgruppa for dette.

  • Asylsøkjarar som bur i mottak og er over 18 år er i målgruppa for tidleg kvalifisering.
  • Introduksjonsprogrammet er for personar mellom 18 og 55 år med flyktningbakgrunn, som er busett i kommunen etter avtale med integreringsmyndigheitene og har budd i kommunen i mindre enn to år. Også familiemedlemmer som har kome til Noreg gjennom familiegjenforeining, får delta i introduksjonsprogrammet. Introduksjonsprogrammet skal vere heilårleg og på fulltid. Deltakarar i introduksjonsprogrammet får introduksjonsstønad så lenge dei deltek i programmet.
  • Innvandrarar mellom 18 og 67 år med opphaldsløyve som gir grunnlag for permanent opphaldsløyve, får delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, anten som ein del av eller utanom introduksjonsprogrammet.

Statsforvaltarens oppgåver

Introduksjonslova og integreringslova inneheld fleire føresegner om enkeltpersonars rettar og plikter. Statsforvaltaren er klageinstans for vedtak etter desse føresegnene. Det betyr at du kan klage på vedtak som gjeld deg sjølv og som omhandlar:

  • tildeling av introduksjonsprogram, introduksjonsstønad og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • vesentlege endringar i integreringsplan eller norskplan
  • stopp i introduksjonsprogrammet eller i opplæring i norsk og samfunnskunnskap
  • permisjon
  • trekk i introduksjonsstønaden med 50 prosent eller meir av ei enkelt utbetaling

For at kommunen som har fatta vedtaket skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen til kommunen. Dersom kommunen verken opphevar eller endrar vedtaket, men opprettheld det, blir dokumenta i saka sende vidare til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren behandlar klagen og tek ei endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren fører dessutan tilsyn med kommunens forvalting av introduksjonslova og integreringslova. Målet er å sørge for at alle kommunar oppfyller lovas minstekrav i ordningane. 

Vis meir


Publisert 29.01.2019, Sist endra 18.08.2021

Avspasering i introduksjonsprogrammet

Avklaringer rundt avspasering i introduksjonsprogrammet