Digitale kurs for verjer

Det er laga fleire digitale kurs for verjer om diverse tema knytt til verjemål. Gjennom digitale kurs kan du som verje få naudsynt kunnskap om verjemålsordninga og lovverket.

Alle verjer har tilgang til ein digital kursplattform ved å logge inn på «Mine vergemål» på sida www.vergemal.no. På denne plattforma ligg det fleire kurs knytt til verjemål som kan gjere deg som verje betre rusta til å ivareta interessene til den du er verje for på best mogeleg måte.

Frå 2022 vart det obligatorisk å gjennomføre eit introduksjonskurs for verjer før ein får oppdraget. Det er også laga fleire andre e-læringskurs som kan vere nyttig for deg som verje å gjennomføre, mellom anna eit om samtalemetodikk og støtte til å ta avgjersler, og eit om overgrep og negativ sosial kontroll. Du finn også kurs om digitale verjefullmakter og om økonomisystemet i verjemålsforvaltninga.

Vi oppmodar deg som verge å gå inn på denne plattforma og gjennomføre dei e-læringskursa som er lagt ut der. Dette gjev deg nyttig og relevant kunnskap for oppdraget som verge.

E-læringskursa finn du på www.vergemal.no ved å logge deg på sida «Mine vergemål» med BankID.