Svømmeopplæring til nykomne minoritetsspråklege

Søknadsfrist:
1. oktober 2022
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege elevar
Ansvarleg:
Reidun Nedrebø
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. januar 2023
Foto: Scanstockphoto.

Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar kan no søkje Statsforvaltaren om tilskot til svømmeopplæring for desse.

Publisert 31.08.2022, Oppdatert 31.08.2022

Mange nykomne minoritetsspråklege elevar har ikkje gjennomført svømmeopplæring og denne gruppa er overrepresentert i ulykker på grunn av manglande svømmeferdigheiter. I læreplanane er det eit mål at elevane skal vere svømmedyktige etter 4. årstrinn.

Kunnskapsdepartementet ønskjer også i år å stimulere kommunane til å gjere ein ekstra innsats retta mot nykomne minoritetsspråklege elevar sine svømmeferdigheiter. Målet er å redusere risikoen for ulykker i samband med bading, og å sette elevane betre i stand til å nå kompetansemåla i læreplanen.

Kommunar med nykomne minoritetsspråklege elevar kan i 2021 søkje Statsforvaltaren om midlar til dette. Hovudmålgruppa er nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne som er omfatta av grunnskuleopplæringa.

Kommunen vel sjølv korleis opplæringa blir organisert og blir lagt opp. Svømmeopplæringa kan bli gitt i løpet av skuletida eller etter skuletid. Søknader som beskriv korleis samarbeid med frivillige organisasjonar kan bli etablert eller vidareført vil bli prioritert. Kommunar kan og samarbeide om å etablere ordningar. Det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod.

Det kan søkjast om inntil kr. 1 750,- pr elev. Kommunen dekkjer overskytande kostnader sjølve.

Søknaden kan sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som vil utbetale midlane. Kommunar som har motteke midlar skal rapportere på kor mange som har gjennomført svømmeopplæringa.

Søknadsfrist:
1. oktober 2022
Målgruppe:
Nykomne minoritetsspråklege elevar
Ansvarleg:
Reidun Nedrebø
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
15. januar 2023

Kontaktpersonar

Dokument