Søk klimasatsmidlar for 2022 no!

Søknadsfrist:
15. februar 2022
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunar
Ansvarleg:
Miljødirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunar
Sæbø skule og barnehage er eit av 96 prosjekt i Møre og Romsdal som har fått støtte gjennom klimasats til no. Foto: Anne Melbø
Sæbø skule og barnehage er eit av 96 prosjekt i Møre og Romsdal som har fått støtte gjennom klimasats til no. Foto: Anne Melbø

Ramma for Klimasats for i år er auka til 250 millionar kroner. Alle kommunar og fylkeskommunar kan søke. Fristen for å sende inn søknad er 15. februar. Vi håper alle kommunane i Møre og Romsdal sender minst ein søknad.

Publisert 18.01.2022

Klimasats er ei støtteordning for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Miljødirektoratet er ansvarleg for ordninga. Alt du treng å vite om ordninga finn du her.

Statsforvaltaren håper alle kommunane i Møre og Romsdal sender søknadar i 2022!

Søknadsfristar

Hovudsøknadsfrist er 15. februar, men for nokon typar tiltak er det også mogleg å søke 15. september.

  1. februar:
  • Alle typer tiltak
  1. september:
  • Merkostnader for klimatiltak i konkrete anskaffelser/innkjøp
  • Tidlig kartlegging av klimatiltak i bygg og anlegg

Webinar

Miljødirektoratet haldt webinar om årets klimasatsordning før jul. Vil du sjå alt du treng å vite i staden for å lese om det, kan du sjå webinaret i opptak her.

Grøn skipsfart

I tillegg til dei ordinære Klimasats-midlane, blir det satt av drygt 80 mill. kroner til «Grøn skipsfart». Denne ordninga er øyremerkt til utvikling av hurtigbåtar med null- og lågutsleppsløysingar. Det er fylkeskommunane som kan søke om desse midla. 

Andre stønadsordningar for klima

Miljødirektoratet har ein eigen støtteordning for Klimatilpassing. Denne ordningen har også søknadsfrist 15. februar 2022. Søk tilskudd til klimatilpasning

EU har tilskotsmidlar som kan nyttast til gjennomføring av tiltak i klima- og energiplanar. Søk støtte til gjennomføring av klima- og energiplaner

Enova gir støtte til energieffektivisering eller produksjon av fornybar energi. Dei gir også støtte til:

Søknadsfrist:
15. februar 2022
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunar
Ansvarleg:
Miljødirektoratet
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunar