Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket - del 2

Søknadsfrist:
15. oktober 2021 23:59
Målgruppe:
Føretak med husdyr- og planteproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon

No kan alle som driv vanleg jordbruksproduksjon søkje om tilskot til drifta – og til støtte for å få inn avløysar når dei har ferie og fritid. Søknadsfrist er 15. oktober.

Publisert 05.07.2021

Kva du kan søkje om i del 2

  • Tilskot for husdyr
  • Driftstilskot mjølkeproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøttproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrraser
  • Tilskot for dyr på beite
  • Areal- og kulturlandskapstilskot
  • Tilskot til økologisk jordbruk
  • Tilskot for frukt, bær og veksthusgrønnsaker
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Føretak som har sendt inn søknaden, kan endre den i inntil 14 dagar etter fristen.

Tilskot til ferie og fritid

Om du ikkje har hatt utgifter til avløysing før søknaden vert sendt, men kjem til å få det i slutten av året, er det avgjerande at du kryssar av for å søkje avløysartilskot no. Utgifter til avløysing kan etterregistrerast i søknaden innan 10. januar, såframt det vart kryssa av for å søkje om avløysartilskot i ved innsending av søknad innan søknadsfristen.

Føretaket må kunne dokumentere utgifter til avløysing. 

Søknadsfrist

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan sende inn Del 2 av søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot for 2021 frå og med teljedatoen, som er 1. oktober 2021. Søknadsfrist 15. oktober.

Du kan levere søknaden inntil 14 dagar etter søknadsfristen, dvs fram til og med 29. oktober, men tilskotsutbetalinga vert redusert med 1000 kr for kvar dag etter at fristen er overskriden.

Har du spørsmål knytt til søknad om produksjonstilskot og avløysartilskot, ta kontakt med kommunen.

 

Søknadsfrist:
15. oktober 2021 23:59
Målgruppe:
Føretak med husdyr- og planteproduksjon
Ansvarleg:
Kommunen
Kven kan søke:
Registrerte føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon