Tilskot - Eldre ut på middag

Søknadsfrist:
3. mai 2021
Målgruppe:
Eldre over 65 år
Ansvarleg:
Statsforvaltaren
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. november 2021
Formålet med tilskotet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon.
Formålet med tilskotet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon. Foto: Pixabay.com.

Tilskotsordninga skal gjere det mogleg for kommunar som samarbeider med restauranter å tilby billige middager for heimebuande eldre som ønsker å ete saman.

Publisert 09.04.2021

Formålet med tilskotet er å motverke fysiske og psykiske konsekvensar av sosial isolasjon. Samt å legge til rette for at eldre igjen kan vere del av eit sosialt fellesskap etter at vaksinasjonen er gjennomført. Målgruppa er heimebuande eldre over 65 år.

Møre og Romsdal har fått kr 1 667 000 til fordeling, dette er basert på talet eldre i alderen 65 år eller meir.

Tiltaket skal gjennomførast i løpet av ei veke våren 2021, avhengig av vaksinetakten for eldre i landets kommunar. Tilskotsordninga er i tråd med satsingane i Leve heile livet, der mat og måltid er eitt av fem innsatsområde.

Kven kan få tilskot?

Kommunar kan søke midlar åleine, eller i samarbeid med lokale aktørar som frivillige og ideelle organisasjonar, lokale restaurantar, mat- og spisestadar og transportnæringa. Søkarkommune står administrativt og økonomisk ansvarleg, og det er denne kommunen eit innvilga tilskot blir utbetalt til.

Slik søker du tilskotet

Søknaden skal vere poengtert og relativt kortfatta, men må innehalde følgjande:

  • Søkarens mål med tilskotet
  • Prosjektbeskriving eller beskriving av tiltaket det blir søkt om tilskot til
  • Budsjett (som skal kunne samanliknast på same nivå med rekneskap dersom rekneskap blir kravd)

Prosjektbeskrivinga skal omfatte ei beskriving av korleis tilbodet er tenkt organisert og korleis målgruppa medverkar i utforminga. Vidare skal prosjektbeskrivinga inkludere ein aktivitetsplan, korleis brukarane skal rekrutterast, og ei beskriving av omfang og samarbeid med lokale frivillige lag og foreiningar, restaurantnæringa, mat- og spisestadar, transportnæringa eventuelt og andre samarbeidsaktørar. Søknaden skal underteiknast av kommunedirektør eller rådmann, eller den som har signeringsfullmakt.

Les alt om kva søknaden skal innehalde, tildelingskriterium og rapporteringskrav i regelverket som du finn under «Dokument».

Søknad skal sendast til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal innan fristen 3.mai  2021, på e-post til sfmrpost@statsforvalteren.no. 

Merk søknaden med «Eldre ut på middag».

Søknadsfrist:
3. mai 2021
Målgruppe:
Eldre over 65 år
Ansvarleg:
Statsforvaltaren
Kven kan søke:
Kommunar
Rapporteringsfrist:
1. november 2021