Støtte til heimeundervisning 2021

Søknadsfrist:
15. april 2021
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunen
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen

Stortinget har òg for 2021 bevilga midlar til å styrke infrastruktur og kompetanse i kommunar, samt tiltak i kommunar og fylkeskommunar for å bøte på levekårsutfordrinaer som er til hinder for hjemmeundervisning.

Tilskotet kan nyttast til digitale læremiddel, infrastruktur og utstyr.

Publisert 08.03.2021, Oppdatert 08.03.2021

Målet med tilskotsordninga

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for digital heimeundervisning i samband med Covid-19-utbrotet, gjennom å:

  • styrke digital infrastruktur og system, samt kompetanse på drift av desse
  • bidra til utjamning av levekårsforskjellar, der desse er til hinder for digital heimeundervisning

Tilskotsmottakarar

Tilskotsmottakarar er kommunar og fylkeskommunar.

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er elevar/lærlingar/lærekandidatar, inkludert vaksne, og lærarar i offentlege grunn- og vidaregåande skolar i Noreg.

Kriterium for tilskot

Tilskotsordninga er ei skjønnsmiddelordning, dvs. at Statsforvaltaren gjer ei heilskapleg vurdering av innkomne søknader, og at vi vektlegg kommunane og fylkeskommunen sine behov i vår tildeling.

Ved utfylling av søknadsskjema må søkaren svare «ja» på at kriteria er oppfylt. Det vil vere eit krav at:

  • infrastruktur som blir anskaffa skal legge til rette for ein situasjon med undervisning heime
  • løysingar og utstyr som blir anskaffa skal legge til rette for kommunikasjon mellom lærar og elev

Ordinære driftsutgifter knytt til felles løysingar/infrastruktur blir ikkje dekt av ordninga.

Tiltak som kjem inn under ordninga

  • Datautstyr
  • Robot for kommunikasjon i sanntid (AV1)
  • Utstyr for strømming av undervising
  • Lisensar for videokommunikasjonsløysingar
  • Lisensar spesifikt knytt til heimeskule
  • Kompetansetiltak og kjøp av nødvendig kompetanse
  • Støtte til oppsett og drift av infrastruktur

Tilskotet gjeld ikkje for

Det må gå fram av søknaden kor mange einingar det blir søkt om og for kva årssteg. Ved behandling av søknadene, jf. pkt. 2 over, vil følgande trinn bli prioritert (prioritert rekkefølge):

  1. Ungdomssteget
  2. Mellomsteget
  3. Vaksenopplæring
  4. Småskolesteget og vidaregåande opplæring

Søknadsprosedyre

Kommunar og fylkeskommunen søker Statsforvaltaren om støtte. Søknaden er digital.

Søknadsfrist er fredag 15. april 2021. For seint innkomne søknader kan bli avslått.

Det blir ikkje gitt tilskot til allereie gjennomførte tiltak. Søknader om digitale læremidler blir ikkje dekt i denne ordninga. 

Kontrollrutinar

Det kan etter ei vurdering av risiko setjast i verk stikkprøver av rapporterte opplysningar for å kontrollerer om tilskotet er brukt i samsvar med føresetnadene for ordninga.

Søknadsfrist:
15. april 2021
Målgruppe:
Kommunar og fylkeskommunen
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Kven kan søke:
Kommunar og fylkeskommunen