Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Tilskot til tilbod til vaksne med langvarige og samansette tenestebehov

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Vaksne med psykisk liding og/eller rusproblem
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane og Helseføretaket i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022

Helsedirektoratet har kunngjort tilskot til tilbod til vaksne med langvarige og samansette tenestebehov.

Publisert 09.02.2021

Mål for ordninga

Mål for ordninga er å styrke tilbodet til menneskjer med langvarige og samansette tenestebehov med å etablere heilskaplege, samtidige og verksame tenester frå ulike nivå og sektorar.

Prioriterte tiltak:

1. Drift av tverrfagleg aktivt oppsøkande behandlingsteam etter ACT- modellen (Assertive Community Treatment) og FACT-modellen (Flexible ACT)

2. Følgande tiltak:

  • Etablering av mottaks- og oppfølgingssentre (MO-sentre)
  • Lavterskel substitusjonsbehandlingstilbud, f.eks etter modell av LASSO
  • Behandlingsforberedande tiltak
  • Housing First- tiltak

3. Utprøving og evaluering av nye metodar/arbeidsformer og modellar innan psykisk helse, rus- og valdsfeltet.

 

Søkaren må sette seg godt inn i regelverk for tilskotsordninga. Det er kommunar, statlege føretak (f.eks RHF/HF) og kommunar og helseføretak i fellesskap som kan søke på tilskotet.

Søknadsskjema og regelverk finn du i lenke til høgre.

Verksemder som fekk tilskot i 2020 vil få tilsend lenker for rapporteringskjema

Vi gjer merksame på at frå 2019 er tilskotsordninga delt inn i to ordningar:

  • Tilbod til vaksne med langvarige og samansette tenestebehov
  • Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging (sjå eiga utlysning)

Søknadsfrist for ordninga er 12.mars 2021, søknaden sendes til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

 

Legg til i eigen kalender
Søknadsfrist:
12. mars 2021
Målgruppe:
Vaksne med psykisk liding og/eller rusproblem
Ansvarleg:
Helse og sosialavdelinga
Kven kan søke:
Kommunane og Helseføretaket i Møre og Romsdal
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022