Forskriftsendringar med verknad frå 1. mai 2021

Regjeringa gjer endringar i regelverket om kva tiltak som er unnateke søknadsplikt etter plan- og bygningslova.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.04.2021

Tilbygg og terrassar

Frå 1. mai 2021 kan ein føre opp tilbygg som verken har eit samla bruksareal (BRA) eller utbygd areal (BYA) på over 15 m2 utan å søke til kommunen. Føresegna er ei endring frå det tidlegare kravet om at berre tilbygg som ikkje har rom til «varig opphold eller beboelse» var unnateke søknadsplikten. Føresegna stiller framleis visse krav til den fysiske utforminga.

Det er også vedteke ei ny føresegn om terrassar som er unnateke søknadsplikt. Terrassen kan ha ei høgd på inntil 1,0 meter over eksisterande terreng, den må vere forbundet med ein bygning, og kan ikkje stikke lenger ut frå bygningens fasade enn 4,0 meter. Terrassen kan ha eit rekkverk på inntil 1,2  meters høgd, men kan ikkje vere overbygd. Avstanden til nabogrensa skal vere minst 1,0 meter.

Det gjeld som før visse føresetnader for at eit tiltak er unnateke søknadsplikt. Tiltaket må ikkje vere i strid med føresegner som følgjer av lova og tilhøyrande forskrifter elles, kommunens arealplanar, tidlegare løyve eller anna regelverk. Føresegner om arealformål og utnyttingsgrad i kommunale arealplanar, og avstandskrav etter veglova, er døme på at utføring av tiltak likevel må søkast om.

Meldeplikt

Tiltakshavaren har frå før plikt til å informere kommunen når frittliggande bygningar og tilbygg etter byggesaksforskrifta § 4-1 (1) bokstav a) til c) blir oppført. Regjeringa har no forskriftsfesta kva informasjon som skal følgje med ei slik melding, og når meldinga må vere sendt til kommunen. 

Definisjon av frittliggande bygning

Regjeringa har også forskriftsfesta definisjonen av kva som reknast som frittliggande bygning. Etter byggteknisk forskrift § 6-5, jf. plan- og bygningslova § 29-4 (3) bokstav b), er kravet at bygningen må plasserast minst 1,0 meter frå andre bygningar på eigedomen.