Pressemelding - oppsummering av kommunekartlegging 2015

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerer 15. mars saman med Møre og Romsdal fylkeskommune ein oppsummeringskonferanse i etterkant av den omfattande kartlegginga av barn- og unges oppvekstvilkår i Møre og Romsdal i 2015.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.03.2016

Fylkesmannen og fylkeskommunen inviterte i mai 2015 alle kommunane til å delta på ei kommunekartlegging retta mot barn og unge.

Føremålet med kartlegginga var å avklare status og utfordringar knytt til barn og unge sine oppvekstvilkår i kommunen, samt prioritere aktuelle tiltak for vidare planlegging og utvikling.

FN sin barnekonvensjon har stått sentralt i utarbeiding av spørsmåla.

Kommunane hadde frist for å levere inn kartleggingssvara frå sin kommune 1. oktober 2015.  35 kommunar svarte på undersøkinga og Fylkesmannen og fylkeskommunen har no gått igjennom svara vi fekk inn, og vil på samlinga 15. mars presentere ei oppsummering for kommunane.

Resultata av analysen kan kommunane bruke for å sikre gode og trygge oppvekstkår og samanhengande tenester for barn og unge, sett i lys av Barnekonvensjonen.

 

Bakgrunnsinformasjon:

Kartlegginga er etter modell frå Fylkesmannen i Troms sitt prosjekt Sjumilssteget. Dette prosjektet er seinare følgd opp i andre fylke, m.a. i Sogn og Fjordane. Sjumilssteget er eit hjelpemiddel til analyse og kontroll av evne og vilje i kommunen til å arbeide til det beste for barna i tråd med sentrale artiklar i barnekonvensjonen.

FNs barnekonvensjon vart vedteken av FNs generalforsamling 20.11.1989.Barnekonvensjonen er ratifisert av nesten alle landa i verda og inneber at nasjonale styresmakter må følgje dei ulike artiklane i konvensjonen. Nasjonane som har godkjent barnekonvensjonen har plikt til å tilpasse lovgiving og praksis i samsvar med konvensjonen. Barnekonvensjonen er førande for kommunal verksemd. Det inneber ei plikt for alle delar av tenesteapparatet til å samarbeide om å gi barn og unge dei rettane dei har fått gjennom barnekonvensjonen, og sikre at samarbeid  fungerer i praksis.

  

Fylkesmannen og fylkeskommunen sitt arbeid knytt til svara frå kommunekartlegginga i Møre og Romsdal er tredelt.

  • Trinn 1 - Ei førebels oppsummering av kartlegginga vart presentert i «Presseinfo 2016»
  • Trinn 2 - Ei grundigare oppsummering/samanstilling vert presentert for kommunane i samlinga i Molde 15. mars.
  • Trinn 3 - Oppvekstkonferansen 20.-21. september 2016 med tema henta frå kartlegginga

 

Lenker:

-          Konferanse - Kommunekartlegging - Scandic Seilet, Molde 15. mars kl. 09:30-1530.

-          Kartleggingsspørsmåla - Møre og Romsdal

-          Presseinfo 2016 – side 10 (Betre oppvekst)

-          Sjumilssteget

-          FNs barnekonvensjon

 

For meir informasjon, ta kontakt med:

For Fylkesmannen i Møre og Romsdal:
Anne Mette Nerbøberg fmmranne@fylkesmannen.no  tlf: 93653914

For Møre og Romsdal fylkeskommune:
Johnny Loen johnny.loen@mrfylke.no  tlf: 41631775

Lenkjer

Konferanse - kommunekartlegging 2015

Kontaktperson Møre og Romsdal Fylkeskommune