Harald Tom Nesvik blir ny fylkesmann i Møre og Romsdal

Harald Tom Nesvik er i statsråd i dag 2. juni 2017, utnemd til fylkesmann i Møre og Romsdal. Han vil tiltre stillinga 1. januar 2019, når noverande fylkesmann Lodve Solholm sitt åremål går ut.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2017

– Vi får på plass ein dyktig leiar med solid erfaring og god kjennskap til fylket, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Harald Tom Nesvik (50 år) er parlamentarisk leiar for Frp og har vore stortingsrepresentant sidan 1997. Han har sete i fleire komitear på Stortinget, blant anna som medlem i Sosialkomiteen, som  leiar av Helse- og omsorgskomiteen, og vore medlem i Europautvalet. Nesvik har også hatt ulike styreverv; blant anna som konsernstyremedlem i Tafjord Kraft AS og styreleiar av Ålesund regionens hamneråd. Nesvik har utdanning frå Møre og Romsdals fiskeritekniske høgskole, og han har gjennomført Sjefskurset ved Forsvarets høgskole.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.