Karbonfangst med myrrestaurering

Tetting av grøfter i Aspåsmyran naturreservat skal hindre klimagassutslepp og sikre leveområde for artar knytt til myr.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Hausten 2016 og hausten 2017 gjekk det føre seg ein noko uvanleg aktivitet i Aspåsmyran naturreservat. Grunnen til denne aktiviteten skriv seg frå ei omfattande etablering av skogsgrøfter for 40-60 år sidan. Grøftesystema har ført til at myra har blitt drenert og uttørka.
Med bakgrunn i dette sette Fylkesmannen i samarbeid med Statens Naturoppsyn i gang ei omfattande restaurering i Aspåsmyran. Over 10 000 m grøft har blitt tetta ved å lage små demningar av torv på tvers av grøftene. I tillegg har det blitt felt ein del trær på grunn av at dei bidreg til ytterlegare uttørking av myra.
Vi håpar at restaureringa vil bidra til ei permanent heving av vasspeilet i myra. Hensikta med det er mellom anna å skape gode høve for torvmosar. Torvmosane veks i spissen, dei eldre delane døyr, og dannar fundamentet i myr; torv. Intakt myr inneheld eit stort lager med karbon, og det er dette vi no prøver å tilbakeføre i Aspåsmyran.
Eit interessant spørsmål vi ville ha svar på er kva restaureringa har hatt å seie for insektsfaunaen. Sumaren 2019 sende vi difor ut Dag Dolmen frå AmphiBios for å registrere mellom anna augnestikkarar. Kva han fann ut kan du lese meir om her.
Meir om verneområdet og verneformålet finn du her.
Myrrestaurering som klimatiltak
Torvmyrer står for om lag 1/3 av verdas karbonlager i jord, og dei bind opp meir CO2 frå atmosfæren enn dei slepp ut. Grøfting fører til uttørking og nedbryting av torvmyr – og dermed auka CO2-utslepp. Heving av vasspeilet bremsar nedbrytinga og vil stabilisere karbonlagra i myra. Slik kan den igjen bidra til karbonfangst.