Våtmarksvern og landbruk hand i hand



Den 2. februar er den internasjonale våtmarksdagen, og i 2014 vert samvirket mellom landbruk og våtmarksforvalting markert. Landbruksaktivitetar som beiting, slått, rydding av skog og kratt vil gagne verneverdiane i våtmarksområda. Fylkesmannen samarbeider difor med grunneigarar og gardbrukarar om fleire skjøtselstiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2014

Gjengroing er eitt av dei største trugsmåla mot naturverdiane i våtmarksområda. Klimaendringar, spreiing av framande treslag og mindre beite gjer at verdfulle strandenger og andre våtmarksområde gror til med kratt og etterkvart skog. Då forsvinn dei spesielle plantene som veks på slike område, og fuglane som treng opne område.

Beiting i desse områda er eit godt, førebyggande tiltak mot gjengroing. Har utviklinga gått for langt, må ein hogge skog og rydde kratt før dyra slepp til. «Det er ønskjeleg med meir beitedyr i mange av våtmarksområda» seier seniorrådgjevar Ola Betten,  og legg til at miljøverkemidla i jordbruksavtalen også er viktige for naturvernarbeidet.

Fylkesmannen har gått inn i fleire verneområde og støtta m.a. gjerding og rydding for å få betre beiting. Døme på dette er Hopavassdraget på Smøla, Sandblåstvågen, Farstadbukta og Hustadbukta i Fræna, Feøya i Vestnes og Molnes i Giske.

I Sandblåst-/Gaustadvågen gjekk grunneigar, dyreeigar og fylkesmannen inn i eit samarbeid der strandenger vart gjerda inn, og beitedyr vart leigd inn for å gjere jobben med å betre fugleområda.

Strandengene ved Sandblåstvågen  Krattet tek overhand
Strandengene ved Sandblåstvågen   Foto: Miljøvernavdelinga  Krattet tek overhand                        Foto: Miljøvernavdelinga

Kontaktpersonar

Aktuelt