Gaupejakta startar 1. februar

Det kan fellast inntil fire gauper i forvaltningsområdet for gaupe i Møre og Romsdal når jakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2023

Etter klageavgjerd i KLD 26.01.2023 og vedtak i rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge 30.01.2023 gjeld følgjande for kvotejakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2023:

Startkvoten fordeles til avgrensete kvotejaktsområder som følger:

Forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 4 gauper (hvorav maks 1 (ei) voksen hunngaupe) 

  • Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 2
  • Delområde B: Øvrige deler av forvaltningsområdet i Møre og Romsdal: 2 

Delområdene slås sammen 1. mars 2023.

I resten av Møre og Romsdal har rovviltnemnda opna for kvotefri jakt.

Kart over kvoteområda finn du på https://kart.gislink.no/gaupe

Vedtak og klageavgjerd finn du i menyen til høgre.

Kvotejakt på gaupe

Gaupe er den einaste av rovviltartane det er opna for kvotejakt på. Kvotejakta er ordinær jakt etter viltlova § 9, og er omfatta av dei samme reglane som anna jakt. Jakttida på gaupe er frå og med 1. februar til og med 31. mars. Aldersgrensa er 18 år.

Gaupe er definert som storvilt, og det må avleggast skyteprøve for storviltjegarar om du skal jakte gaupe med rifle. Det er også tillate å jakte gaupe med hagle. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar. Dette omfattar også forbod mot å jage eller lokke vilt bort frå andre sine jaktområde. For jakt på statsgrunn må ein ha gyldig jaktkort for enten småviltjakt eller storviltjakt. Bruk av gaupebås skal godkjennast av Statsforvaltaren.